Gjendesheim turisthytte DNT

TypeTuristforeningshytte DNT

Gjendevegen 200, 2683, Tessanden

Sjekk tilgjengelighet forGjendesheim turisthytte DNT (Åpnes i et nytt vindu)

+47 612 38 910

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/ Gjendesheim
  • Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/ Gjendesheim
  • Product Image
  • Kjell Erik Reinhardtsen/Gjendesheim
  • Product Image
  • Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/ Gjendesheim
  • Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/ Gjendesheim
  • Product Image
  • Product Image

Om

Opplev Gjendesheim turisthytte, som ligg nydeleg til ved ein av dei viktigaste innfallsportane til Jotunheimen, under Besseggen ved Gjende.

Gjendesheim ligg aust i Jotunheimen, ved vatnet Gjende, omtrent 2 km. frå Maurvangen ved Fv51. Hytta er det mest kjende startpunktet for turar over Besseggen, og har vore turisthytte for Den Norske Turistforening sidan 1878.

Rett utanfor dørstokken på Gjendesheim ventar milevis med merka løyper og spektakulære 2000-meterstoppar med fantastisk utsikt. På hytta kan du glede deg til nydeleg lokalmat, vedfyrt badestamp og pizzaovn. Turisthytta ved Gjende har ei moderne peisestue med utsyn inn mot hjarta av Jotunheimen. Det er bilveg heilt fram til hytta heile vinteren.

Når du overnattar på Gjendesheim kan du bu på enkelt-, dobbelt,- eller familierom.

Gjendesheim er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar eller kva med å gå turen over Besseggen på ski?

Sjå webkamera frå Gjendesheim her!

Fasiliteter

Aktiviteter

  • fiske i vann
  • fiskekort
  • fiskemuligheter
  • fjellvandring
  • fotturer
  • turstier

Annen overnatting

  • campingplass
  • overnatting
  • turisthytte

Generelle fasiliteter

  • café/cafeteria
  • oppholdsrom
  • resepsjon
  • spisesal

Kart

Veibeskrivelse

Gjendesheim ligg aust i Jotunheimen, i Vågå kommune, Hytta er plassert i austenden av vatnet Gjende, omtrent 2 km. frå Maurvangen ved Fv51, cirka 1000 meter over havet. Gjendesheim har vore turisthytte for Den Norske Turistforening sidan 1878. Gjendebåten har daglege avgangar frå bygga ved Gjendesheim.

Les meir om adkomst Gjendesheim her! 

 

Veibeskrivelse til kollektivtransport

DNT Oslo og Omegn setter opp eigne bussar mellom Otta og Gjendesheim i vinter. Til Otta går det både tog og ekspressbussar. Dette gjer vi for at du skal kunne kome deg enkelt, greit og raskt til fjells frå februar til og med april.

Les meir her: Grøn transport til kvit vinter

Opningstider

* Ope for booking i sesong

Sjå meir

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.), LomFjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen. 

Turtips: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåFOTTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Ta ein fjelltur til den dominerande kjempen av eit fjell, som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Turtips: Fottur langs Gjende | På merka sti mellom Memurubu og Gjendesheim, LomTurtips: Vandre langs Gjende mellom turisthyttene Memurubu og Gjendesheim. Anten som alternativ til Besseggen, eller om du ynskjer å gå heile vegen.

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu, LomTurtips: Gå det spektakulære Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu!

Turtips: Surtningssue (2386 m.o.h.) frå Memurubu, VågåTurtips | Fottur til SURTNINGSSUE 2386 m.o.h: Godt merka topptur som byr på storslagen panoramautsikt til store delar av Jotunheimen. 

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu, VågåGira på ein lengre skitur til vinteren? Ta turen langs kvista løyper og høge fjell mellom turisthyttene Gjendesheim, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu.

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte, Vågå«Klassikaren i Jotunheimen» er ein 5-dagars fjellskitur i hjertet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta følger merka vinterløyper mellom betjente turisthytter. Hele ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierer i lengde fra 14 – 26 km.

Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte, VågåKlassikaren i Jotunheimen er ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte i kremen av Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde, og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no