For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.)

TypeTopptur vinter

2686, Lom

+4761212990

  • Topptur på ski til Heimdalshøe 1843 moh. i Jotunheimen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Fjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen.  

Beste utgangspunkt: Maurvangen fjellpark eller frå vinterbom på FV. 51 (stengt mellom november og april) 
Høgdeforskjell: Ca. 900 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 4,5 timar (tur-retur). Totalt 11 km.
Ver obs på: Trange og djupe bekkefar som samlar harde og bratte skavlar.
Utstyr: Fjellski eller normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Brattaste punkt: Under 30 grader.
Vanskelighetsgrad: 
Opp: Enkel 
Ned: Enkel 
Vegval: Lettgått tur med jamn stigning

På mange måtar er Heimdalshøe ei litt «gløymt» toppturperle som ligg i skuggen av meir kjente turmål på andre sida av fylkesveg 51 på Valdresflya, til dømes Rasletind. Men denne toppen er altså tilgjengeleg sjølv når vegen er vinterstengt -  og går i terreng under 30 grader. Og det er berre å glede seg til flott utsikt inn i Aust-Jotunheimen - til Besseggen og Gjendealpane. 

Heimdalshøe ligg aust for Jotunnheimen nasjonalpark og er ein del av fjellpartiet som ligg på grensa mellom Valdres og Vågå i Sjodalen. Toppen ligg på venstre side av vegen, om ein kjem frå Vågå. Parkering ved vinterbom ved Maruvangen, etter innkøyringa til Gjendesheim turisthytte. 

Turen startar ca. på 1000 meter over havet, og går opp gjennom fjellbjørkeskogen innanfor Maurvangen. Turen opp byr på ein del stigning, men er lettgått og motiverande i ope høgfjellsterreng. På snaut 1200 moh. skrår ein oppover mot Mollflyhalsen. Hugs å snu deg ofte - for å nyte utsikta, som blir finare og finare oppover lia! Sjølve toppen ligg på ei stor flate. Det er dog mange "luretoppar" undervegs. Du kjem til ein varde på toppunktet.

Nedkøyringa går samle veg som opp. Terrenget er slakt og oversiktleg heile vegen. 

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Topptur på ski: Høgdebrotet (2226 m.o.h.), VågåTOPPTUR PÅ SKI - HØGDEBROTET (2226 m.o.h.) frå Valdresflye

Topptur på ski: Vårskitur i Gjendealpane, VågåTOPPTUR PÅ SKI | Tinderangling over Rasletind, Munken, Mugna og Kalvehøgdane frå Valdresflye

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Topptur på ski: Rundtur Høgdebrotet - Steinflytinden - Tjønnholstinden, VågåTOPPTUR PÅ SKI - Rundtur til HØGDEBROTET (2226 m.o.h.) - STEINFLYTINDEN - TJØNNHOLSTINDEN frå Valdresflye

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no