For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Ottadalsvegen 5746, 2686, Lom

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Rasletind (2105 moh.) er ein av dei enklaste 2000-meterstoppane å bestige i Noreg, og er eit populært turmål for folk på vårskitur

Beste utgangspunkt: Følg Fv.51 til toppen av Valdresflye og parker ved Flye 1389, 1390 m.o.h.
Høgdeforskjell: Ca. 800 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 4-6 timar (tur-retur). Totalt 15 km.
Ver obs på: Bratt terreng ned frå toppryggen.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, fjellski eller langrennsski.
Brattaste punkt: Under 30 grader.
Vanskelighetsgrad: 
Opp: Enkel 
Ned: Enkel 
Vegval: Slak motbakke jamn stigning
 

Rasletind ligg i den austlege delen av Jotunheimen, og er ein av toppane du ser fra Fv.51 over Valdresflye. Toppen på sørsida av Leirungsdalen fortener meir enn berre eit glimt frå vegen. Turen eignar seg godt for familieturar og er ein populær topp for vårskiturar.

Turen til Rasletind er ikkje spesielt tung, og toppen gjev ei fantastisk utsikt over toppane i Leirungsdalen, eit område som ofte blir kalla «Gjendealpane». Toppen er ein del av Kalvehøgdeplatået mellom Leirungsdalen og Bygdin, og kan kombinerast med fleire 2000-meterstoppar på ein litt lengre dagstur. 

Rasletind er en lett tilgjengeleg topptur som kan gjennomførast like greit på langrennsski eller fjellski, som med tyngre toppturutstyr.  Motbakkane er relativt slake, og føret held seg ofte til starten av juni. Frå toppen ser du langt innover i Jotunheimen.

Ruteval:
Frå gamle toppen VAldresflye, ved Flye 1389, legg du ruta mot vest over vidda. Når du nærmar deg fyrste kneik, dreiar du nordover til du er oppe på sjølve ryggen som går opp mot tinden. Herifrå er det ein slak tur mot toppen.  

Som regel er det rikeleg med spor å følgje opp normalvegen til Rasletinden. Det er òg mogleg å velje alternative ruter opp. Dei som ynskjer å plukke med seg fleire totusenmeterstoppar på ein og same dag, har mange relativt enkle toppar å velje mellom vidare innover i omtrent same høgde som Rasletinden. 

Adkomst: Vegen over Valdresflya blir normalt sett brøytt til 1.mai kvart år. Parker i vegkanten på toppen av Valdresflya og legg ut på tur! 

Kart: Turkart Jotunheimen Aust eller Beitostølen i 1:50 000 fra Ugland It Group AS.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no