Visit Jotunheimen AS har i tett samarbeid med Lom kommune, næringa og andre interessentar gjennomført fase 1, og er i god gong med hovudprosjekt, i Innovasjon Norges merkeordning «berekraftig reisemål». Denne merkeordninga er eit reiskap for å systematisere arbeidet med berekraft på eit reisemål, med eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Ordninga byggjer på ein standard med kriterium og indikatorar som reisemålet må svare tilfredsstillande på. Å bli merka som eit berekraftig reisemål betyr ikkje at destinasjonen er berekraftig, men at destinasjonen over tid prioriterer målet om auka berekraft. Reisemålet må arbeide kontinuerleg med ordninga, og syne til progresjon for å bli re-merka kvart tredje år.
Berekraftig i reiselivet er eit komplekst omgrep. Med berekraftig utvikling meiner vi at vi skal arbeide slik at vi dekkjer dagens behov, utan å øydelegge for at kommande generasjon kan få dekka sine. Det handlar om bevaring av natur, kultur og miljø, styrking av sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit og å samtidig imøtekome behova for både gjester, reiselivsnæring, og lokalsamfunn. Innovasjon Norges 10 prinsipp for eit berekraftig ligg til grunn for merkeordninga:
Som del av vår berekraftige utvikling har vi òg gått i gong med sertifiseringa til merket miljøfyrtårn. Gjennom miiljøfyrtårn vil vi årlig rapportere inn i eit digitalt styringsverktøy for miljøoppfølging. Resultater og statistikk fra innrapportering til styringsverktøyet er tilgjengeleg på førespurnad.
Vårt mål er å oppnå merket for berekraftig reisemål og sertifiseringa miljøfyrtårn innan utgangen av 2023
© Visit Jotunheimen. Copyright