Antall resultater: 6
Lom
Andberg gard er ein idyllisk plass som ligg i gangavstand frå Lom sentrum. Her kan dei tilby overnatting i eit gamalt stabbur eller eldhus, som begge er pussa opp i seinare år.
Garmo
På Brimi sæter får du oppleve ekte seterliv og kulturhistorie, med glade gardsdyr og vakker natur. Du kan overnatte i gamle seterhus, briskar på låven eller lavvo på tunet.
Skjåk
Hos Fjelleventyret i Lundadalen i Skjåk kan du overnatte på den koselege setra "Yste".
Bøverdalen
Galde Uppigard ligg 550 m.o.h. i Bøverdalen. Gardsovernatting i gamle og nye hus, og kort veg til Galdhøpiggen, Galdhøpiggen sommerskisenter, jakt, fiske, andre fjellturar og rafting.
Lom
På Strind gard har Anne Jorunn og Trond teke mot gjestar fra heile verda sidan 1975. Strind gard har hytter/rom, både med høg standard og enkelt standard, til rimelege prisar i eit intimt og romantisk gardsmiljø.
Lom
Teigen gard ligg 2,8 km vest for Lom sentrum og tilbyr overnatting i trivelege gardshus.