For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Teigen Tun | Gardsovernatting i Skjåk

TypeHistorisk overnatting

Skjåk Solside 326, 2690, Skjåk

+4790638924

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Kufjøset. Sauefjøset. Stallen. Det er namna på dei tre utleigeeiningane til Amund Teigen på småbruket Teigen i Reppen i Skjåk solside. Velkomen til unik gardsovernatting på Teigen Tun. 

Midt i den norske fjellheimen kan du altså oppleve eit gårdsopphold i historiske omgjevnader på solsida av Skjåk. Kva med å sove i eit renovert fjos frå 1800-talet - krinsa av dei vakre nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen? Teigen Tun tilbyr ei naturtro oppleving kor du kan slappe av i historiske gardsbygnader -  og vakne opp i villmarka, nær dei høgaste fjella Norge, fleire vakre isbrear og innsjøer.

På Teigen Tun kan du nyte det fredelege og idylliske landskapet i Skjåk og utforske det rike dyrelivet og den vakre norske naturen frå dørhella. Om du ynskjer deg på skogstur, fjelltur, fisketur, topptur, brevandring eller bade i eit friskt fjellvatn, har du alle moglegheitene kring deg. 

Det er fem bygninger på gården som er frå 1800- talet. 

Sauefjøset: Renovert for utleige i 2023. Det er to dobbeltsenger (150cm) - ei nede og ei oppe på hemsen.

Kufjøset: Renovert kufjøs frå 1800-tallet. 
- Passar for alle (familie, par, etc)
- Velutstyrt kjøkken og bad
- Peis
- Wifi

Takhøgda er låg i delar av bygget, slik det har vore i si opphavelege form. 

Stallen: Kva med å ta med overnatte i ein stall - anten det er med familien på tur, ein gjeng vennar som skal gå toppturar, fiske eller gå i fjellet. Skjåk er eit perfekt utgangspunkt for varierte aktivitetar året rundt. I stallen er det to soverom, to enkeltsengar på det eine og ei 1,50 seng på det andre rommet. Sovesofa med plass til ein person i stova. 

På tunet er det i alt 15 soveplassar, fordelt på 7 i stallen, 4 i kufjøset og 4 i sauefjøset.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • elvefiske
  • fiskemuligheter
  • fjellvandring
  • fotturer
  • grotting

Atmosfære

  • avslappet

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no