Antall resultater: 13
Lom
BrimiBue er ein butikk og restaurant midt i nasjonalparklandsbyen Lom. BrimiBue serverar moderne tradisjonsmat, både til lunsj og middag. Resturanten har ope heile året.
Lom
Bakeriet i Lom ligg midt i Lom sentrum. Vi har utsal med brød og andre bakevarer og eigen kafé. Om sommaren har vi uteservering med pizza og hamburger.
Lom
På Fossberg kafé kan du nyte heimelaga mat eller bakverk med utsyn over Lomseggen midt i Lom sentrum.
Lom
Nordal Turistsenter ynskjer velkomen til ein hyggeleg kafeteria i Lom sentrum. Her serverer vi eit variert utval av kaker og kaffe, smørbrød eller middagsrettar.
Lom
På Sentral'n kan du sitja med ein diger iskrem i handa og nyte utsikta over Lomseggen, sentrum og stavkyrkja. Dei har Gudbrandsdalens største utval i kuleis, men serverer og matrettar med god drikke til.
Lom
Smak i Lom sel lokalprodusert mat- og drikkevarer i Lom sentrum. Ekte rummevafler og ekstra god kaffe!
Bøverdalen
Røisheim hotell er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga.
Bøverdalen
Den gamle slektsgarden - og kunsthotellet Elveseter har hatt besøk av turistar heilt sidan 1870-talet, og er eit av dei mest særeigne hotella i Noreg.
Skjåk
Skeid Kro ligg i Skjåk, og er kjent for sin gode heimelaga mat. Her kan du innta eit godt måltid i eit uformelt, triveligt miljø.
Skjåk
Skjåkmat er ein lokalmatprodusent i fjellbygda Skjåk, som produserer eit rikt utval av kvalitetsmat under merkevara "Mat frå Skjåk".
Lom
Fossheim hotell er kjent for sitt smakfulle kjøken og nyttar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell.
Lom
Andvord gard er ein av dei eldste gardane i Lom. I dag er dette eit unikt fjellhotell i eventyrlege omgjevnader i Lom sentrum.
Bøverdalen
Sognefjellshytta ligg 1400 m.o.h. på det høgaste punktet på Sognefjellsvegen, og er eit utmerka utgangspunkt for skiturar, topptur og vandring i Jotunheimen. Her kan du overnatte i rom med ulik standard.