For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Skeid Kro | Restaurant

TypeRestaurant

Skeimoplassen 8, 2690, Skjåk

+47 61 21 43 33

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Velkomen til ei lokal og smakfull matoppleving på Skeid Kro i Skjåk.

Skeid Kro vart bygd i 1982, og severer god heimelaga mat. For å få den kvaliteten dei ynskjer på maten, lagar dei maten frå grunnen av i eiga foredlingsverksemd.

På Skeid Kro kan du innta eit godt måltid i eit uformelt, triveligt miljø. Vertskapet prøvar å leve opp til den gjestfriheita som det er tradisjon for i Skjåk - nemleg: «Kjem det gjester til gards, skal det beste på bordet, og det skal være rikelig av det som vert servert». Med dette som grunnlag har vi fått eit godt rykte om ”god mat og store porsjoner til ein rimelig pris.»

Av dagens middag kan du forsyne deg sjølv frå varmdisken, gjerne fleire ganger, til fast pris. I tillegg har vi ein rikhaldig "À la carte"-meny der du kan velge mellom lette rettar eller full middag. Vi har plass til ca 150 personar inne og om sommaren er det plass til 50 på terrassen. Stor parkeringsplass, tilrettelagt utanfor.

I varmdisken finn du altså tradisjonsmat, foredla lokalt, av råvarer frå Skjåk. Til deira eige pølsemakeri kjøper dei inn heile slakt frå lokale gardbrukarar og tilvirkar alle kjøtrettane.På den måten tek drivarane på Skeid kro vare på dei lokale mattradisjonane og vi får nytta heile dyret. Av beina koker dei kraft som blir brukt til brun saus.

På Sygard Forberg dyrkar dei mandelpoteter, og frå dei får Skeid kro levert skrelte poteter. Dei kjøper også lokale grønsaker så lenge det er tilgang på det. Det fins til og med eigen eggprodusent i Skjåk-bygda. 

 

Fasiliteter

Avstand

  • Restaurant/Cafe/Spisested

Generelle fasiliteter

  • bygget
  • restaurant
  • Restaurant/Cafe

Kredittkort

  • Eurocard
  • Visa

Mat og drikke

  • à la carte
  • catering
  • dagens
  • grill
  • hamburger
  • husmannskost
  • julebord
  • lokale retter
  • lunch
  • norsk mat
  • pizza
  • selvbetjening
  • tradisjonsmat
  • vegetarisk

Skjenkerettigheter

  • alle rettigheter

Språk

  • dansk
  • engelsk
  • norsk
  • svensk
  • tysk

Kart

Veibeskrivelse

Skjåk Turistheim | Skeid Kro ligg ved rv.15 midt mellom Lom, Stryn og Geiranger.

Opningstider

Heilårsope (1 jan 2020 - 31 des 2020)
DagTider
Mandag - Lørdag11:00 - 18:00
Søndag13:00 - 19:00
Offentlig Høytidsdag13:00 - 19:00

Sjå meir

Skjåk Turistheim | Vertshus og hytter, SkjåkSkjåk Turistheim | Skeid Kro - kultur for god smak Skjåk Turistheim er med sin sentrale beliggenhet eit ideelt utgangspunkt for turar og aktiviteter. Skeid Kro vart bygd i 1982. I dag som for 50 år sidan kan vi tilby god heimelaga mat. For å få den kvaliteten vi ynskjer på maten, lagar vi den frå…

Skjåkmat | Mat frå Skjåk, SkjåkSkjåkmat er ein lokalmatprodusent i fjellbygda Skjåk, som produserer eit rikt utval av kvalitetsmat under merkevara "Mat frå Skjåk".