Topptur i Jotunheimen Ingen norske fjell tek deg høgare på ski. Våren er høgtid!

Velkomen til topptursesongen i Jotunheimen

Guida turar, ski- og toppturcampar og kurs for alle nivå. Utleige av ski og utstyr. Turbeskrivingar for deg som vil gå sjøl. Eit breitt utval av overnattingsplassar og smakfulle måltid etter skituren. Gjer deg klar for toppturvåren i Jotunheimen. 

Her finn du all informasjonen du treng for å kome deg på tur! 

Bu på ei idyllisk fjellhytte Overnatting i Lom og Jotunheimen

Kvil og et godt på hotell, eller bu på hytter sentralt i Lom. Frå fjellhyttene kan du starte fjellturen rett utanfor døra. Gjer deg klar for ein energisk og smakfull turvår i Jotunheimen.

Lom og Jotunheimen byr på eit breitt utval av overnattingsplassar og lokalmat i verdsklasse.

Dumdalsgrottene - 10.000 år gamle kalksteinsgrotter Er du klar for ei oppdagingsferd under bakken?

I Dumdalen, langs Sognefjellsvegen sørvest for Lom, fins det mange djupe kalksteinsgrotter danna under istida for 10.000 år sidan. Hausten er ei perfekt tid til å utforske desse. Dessutan er Dumdalen ein frodig dal som byr på lettgått turterreng. Det er anbefalt å ha med seg guide på turen!

Her er våre aktivitetsbedrifter! 

To klassikarar Galdhøpiggen og Besseggen

Besseggen
Besseggen
Galdhøpiggen- Noregs høgaste fjell
Galdhøpiggen- Noregs høgaste fjell

Verdt å sjå og oppleva - i Lom og Jotunheimen

Utan mat og drikke... Her et og søv du!

Spørsmål? 
info@visitjotunheimen.no
+47 61 21 29 90
Sognefjellsvegen 17, 2686 Lom

VÊRET I LOM OG JOTUNHEIMEN

Sjekk vêret her! 

Nyhetsbrev: Det du treng å vete for å kome deg på topptur!

Guida turar, ski- og toppturcampar og kurs for alle nivå. Utleige av ski og utstyr. Turbeskrivingar for deg som vil gå sjøl. Eit breitt utval av overnattingsplassar og lokalmat i verdsklasse. Gjer deg klar for toppturvåren i Jotunheimen.

Topptur i majestetiske Jotunheimen!

Ingen norske fjell tek deg høgare på ski. Finn fram feller og toppturski, og oppsøk skieldoradoet Jotunheimen.

Følg Visit Jotunheimen på Facebook!

2 dagar sidan

Visit Jotunheimen

Nå er det mogleg å gå tørrskodd til Lomseggen/Eggjapiken!🤩 ... Sjå meirSjå mindre

 

Comment on Facebook

1 veke sidan

Visit Jotunheimen

🇳🇴️ 17. mai i Lom og Jotunheimen 🇳🇴️

Meir nasjonalromantisk blir det ikkje. Her er oversikt over arrangementa knytt til feiring av vårt frie, sjølvstendige og aldeles smellvakre land!
... Sjå meirSjå mindre

Load more

RSS SISTE BLOGGINNLEGG

  • Er du «skiofil»? 9. januar 2018
    Snøelskande folk. Det er på tide å kome ut av skapet. Bli ein del av det fargerike toppturfellesskapet. Det er noko spesielt med å titte ut vindauge og sjå snø. Å sjå at det snør. Ein kan faktisk bli litt meir lykkeleg av å leggje seg med kvitt landskap og kuldegrader utanfor, og veta at ein […]
    Mari Wedum
  • Jul i Lom: Handels-og førjulshelg i Lom 28. november 2017
    Sølvguttene syng jula inn. Det blir juleshow og trivelege førjulsaktivitetar. Alt ligg til rette for å kome i den rette julestemninga under Jul i Lom, 1. -3. desember.  Du er velkomen til handelshelg i Lom med spenstige tilbod i butikkane, salg av lokale produkt, gløgg- og matservering, julemarknad og ikkje minst koseleg handelsmiljø.  Sølvguttene syng […]
    Mari Wedum

Lom nasjonalparklandsby

Lom er omkransa av tre nasjonalparkar. Her finn du alt frå ein verdsberømt bakar og stavkyrkje til klimapark, klatrepark og eit stort nettverk av turstigar. Lom ligg langs ein av hovudfartsårene frå aust til vest og er ein naturleg stoppestad på reisa. Ta deg god tid til å utforske kultur og tradisjonar kombinert med moderne attraksjonar og aktivitetar.

Høgruta i Jotunheimen Planlegg ditt tureventyr gjennom kremen av norske fjell

77 km – 7 208 vertikale høydemeter - velkomen til Høgruta i Jotunheimen!

Dette er ein 5 dagars topptur i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta går over minst åtte brear og sju 2000-metertopper, inkludert Glittertind og Galdhøpiggen. Overnatting skjer på betjente hytter. Kvar etappe er ca 15 km, med 1000 – 1500 meter stigning. Les meir om ruta her! 

  • Heim
    Lom stavkyrkje. Foto: Live Andrea Sulheim
  • Heim
    Solnedgang ved Skim, Lom. Foto: Live Andrea Sulheim
  • Heim
    Vandring i Jotunheimen. Foto: Live Andrea Sulheim
  • smithbue_2016-800px
    På tur til Smithbue, Lomseggen. Foto: Live Andrea Sulheim
  • Heim
    Utsikt frå Nonshaug mot Lom sentrum. Foto: Live Andrea Sulheim
  • Jotunheimen_stemningsbilde_LiveAndreaSulheim
    Jotunheimen. Foto: Live Andrea Sulheim