Gira på å hjelpe, vegleie og inspirere turistane på besøk i Lom og Jotunheimen i sommar? Visit Jotunheimen er på jakt etter fjellglade, positive og serviceinnstilte medarbeidarar til vår turistinformasjon i Lom sentrum i sommar.
Dine arbeidsoppgåver vil primært vere å hjelpe turistar, i turistinformasjonen og på telefon og e-post. Du vil òg stå for sal av kart, bøker og tur-relaterte artiklar frå utsalet vårt i turistinformasjonen, og bidra med aktivitet i våre sosiale kanalar.
Stillingstittel
Vertskap i turistinformasjonen i Lom
Varigheit
Sommar
Arbeidsstad
"Nilsbue", midt i Lom sentrum
Søknadsfrist
1. april 2022
Vi ser etter deg som:
- Er sjølvstendig og har stor arbeidskapasitet.
- Tek initiativ og ser moglegheiter.
- Har kjennskap til aktivitetar og tilbod i Lom, Jotunheimen og omland.
- Er glad i å prate med folk, og som minimum beherskar norsk og engelsk flytande.
- Det er ein fordel om du har kjennskap til dei mest vanlege sosiale mediane.
- Det er ein fordel om du liker å ta bilete/film.
Vi kan freiste med:
- God opplæring og hjelp til å bli enda betre kjend i området.
- Godt arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å påverke vertskapskonseptet vårt gjennom digital og personleg formidling.
- Arbeidsstad på ein av dei mest attraktive høgfjellsdestinasjonane i Norge.
- Gode moglegheiter for opplevingar sjå våre medlemsbedrifter.
- Løn etter avtale.
Du arbeider i hovudsesongen frå juni/juli til byrjinga av september, og arbeidstida vil variere. Helger må påreknast og det er positivt om du har anledning til å arbeide nokre helgar utover seinsommaren/hausten. Med base i nasjonalparklandsbyen Lom, med Galdhøpiggen, Glittertind og høgdemetervis med 2000-meterstopper i «bakhagen», er dette ei unik sjanse til å jobbe i kremen av Fjell-Noreg, og hjelpe enda fleire til å oppleve den unike naturen, aktivitetane, maten og kulturen.
Turistinformasjonen vår ligg i nyoppussa lokalar i «Nilsbue» – den mest sentrale plasseringa i Lom sentrum.
Vi gler oss til å få deg med på laget!
For meir informasjon om stillinga, kontakt:
Marit Tangvik
Fjellseljar i Visit Jotunheimen
marit@visitjotunheimen.no
Søknad med CV sendast til marit@visitjotunheimen.no innan 1. april 2022
Om Visit Jotunheimen
Visit Jotunheimen AS er destinasjonsselskapet for Lom, Jotunheimen og omland. Lom sentrum har status som nasjonalparklandsby og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Visit Jotunheimen har base i det mest fjellrike landskapet i Noreg, og har som mål å løfte fram unike opplevingar knytt til naturaktivitetar, lokal mat og kultur.