For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Jotunheimen | Nasjonalpark

TypeNasjonalpark

2686, Lom

+47 61 21 29 90

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Jotunheimen nasjonalpark | Kjempanes fødeland

Jotunheimen nasjonalpark har dei høgaste fjella i Noreg - med Galdhøpiggen som den høgaste toppen. Nasjonalparken er kjend som ei populær base for tradisjonelt friluftsliv, fotturar, toppturar, jakt og fiske.

Jotunheimen nasjonalpark ble etablert i 1980. Han strekk seg over eit 1151 km2 stort område i Lom, Vågå og Vang i Innlandet fylke, og Luster og Årdal i Sogn og Fjordane.

Sjå kart her! 

Fjellnatur og isbrear
Jotunheimen har majestetisk fjellnatur med høge fjelltoppar, isbrear, særeigne vassdrag og sjøar, spor etter jakt og fangstkultur, intakt seterlandskap og rik flora der mange planter når sin høgderekord. I Jotunheimen finn du dei mektigaste og høgste fjelltoppane i Noreg, med Galdhøpiggen 2469 meter over havet som ruvar høgast.  

Jotunheimen dekker alt frå vestlandsk natur, med høge og kvasse tindar i Hurrungane som det mest særmerkte, til austlandsk natur med store dalar og fjellvatn. Utladalen er verna som landskapsvernområde saman med Jotunheimen nasjonalpark. I denne tronge og eigenarta dalen finst varmekjær lauvskog og høge fossar.

Aktivitetar i Jotunheimen: 
Opplev fottur frå hytte til hytte på godt merka stiger, toppturar, brevandring, tinderangling, klatring og sommarski på langrenn og alpint. Om du ikkje vil gå på eiga hand kan du leige deg fjellførar. Fleire aktivitetsselskap og turlag har tilbod om organiserte turar i nasjonalparken.

Jotunheimen er eit av dei mest populære områda for toppturar og fjellvandring. Om lag 300 km. turstigar er T- merka, og du kan overnatte på ei rekke betente og ubetente turisthytter i og utanfor nasjonalparken.

Fakta:
Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta i 1980.
Arealet i Jotunheimen nasjonalpark er ca. 1151 km2  og ligg i  Lom, Vågå og Vang i Oppland fylke, og Luster og Årdal i Sogn og Fjordane.

Formålet med nasjonalparken er å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med dyre- og planteliv på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur. I nasjonalparken skal det innafor visse rammer vere høve til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, undervisning og forsking.

 

Kart

Sjå meir

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Fottur til Glittertinden - 2452 m.o.h., LomNorges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

View over Hestbrepiggane. Breheimen | Nasjonalpark, SkjåkBreheimen nasjonalpark vart oppretta 7.august 2009, og ligg i eit fjell- og breområde i Oppland og Sogn og Fjordane, i kommunene Skjåk, Lom og Luster.

Rundtur over Ryggjehøe, Glitterrundhøe og Glittertinden - 2452 m.o.h., LomGå til Norges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., via 2000-meterstoppane Ryggjehøe og Glitterrundhøe

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no