For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Rundtur over Ryggjehøe, Glitterrundhøe og Glittertinden - 2452 m.o.h.

TypeFjelltur

Postboks 63, 2686, Lom

+47 61 21 29 90

  • Rundtur Ryggjehøe, Glitterrundhøe og Glittertinden frå Glitterheim turisthytte
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Norges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen. Frå Glitterheim turisthytte er det òg mogleg å gå ein rundtur over toppane Ryggjehøe (2142 moh.), Glitterundhøe (2089 moh.) og Glittertinden.

Beste utgangspunkt: Glitterheim turisthytte (1390 m.o.h.)
Høgdeforskjell: Ca. 1400 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 8-9 timar (tur-retur) inkl. pause. Totalt ca. 17 km.
Ver obs på: Tidvis overhengande toppskavl på Glittertinden
Vegval: Lang tur med jamn stigning og mykje steinur - særleg mot Glitterrundhøe. Her er det ikkje merka!

Toppen av Glittertinden ligg nordaust i Jotunheimen mellom Visdalen og Veodalen i Lom kommune, og er ein relativt enkel tur frå Glitterheim turisthytte. Den enklaste ruta går vestover via Steinbudalen og følgjer sommarstien aust for Glitterbrean eller oppover sjølve breen. Mot toppen held ein fyrst mot høgde 2274, før ein kjem opp og vrir inn på ryggen mot sjølve toppen. Vel oppe kan du nyte ei av landet sine flottaste utsikter. 

Rundtur? Om du ynskjer å plukke med deg to 2000-meterstoppar til, og gå til Glittertinden frå ein anna kant, kan du ta med deg Ryggjehøe og Glitterrundhøe på vegen, eller motsatt, på veg ned att. Merk deg at denne rundturen ikkje er merka, men krev at du sjølv halder rett retning!

Sjå kart her! 

Ryggjehøe: Turen til Ryggjehøe er ein fin tur i seg sjølv frå Glitterheim - om ein ynskjer deg ein kortare dagstur. Hit går du på 3-4 timar opp og 1-2 timar ned att. Turen startar ved hytteveggen på Glitterheim. I staden for å gå oppover den merka stien mot Glittertinden, går du innover i dalen, merka mot Spiterstulen eit par hundre meter. Etter å ha passert den siste brua over Steinbuelva, går du rett til høgre oppover i terrenget. Her er det delvis merka med varder og du går på ein enkel sti oppover, til du når steinrøysa. Du ser nesten heile turen frå start - og har heile tida toppen framfor deg. Når du ser opp mot ryggen på Ryggjehøe, ser du ein stor trekanta stein. Dette er eit fint punkt å sikte mot. Det er nokre steinvarder undervegs, som viser deg vegen. Du skal halde slakt venstre oppover - til du når fjellryggen som leiar deg mot toppunktet. Når du kjem opp på ryggen, følger du denne til topps. Det er eit svaberg siste del før toppvarden. Ryggjehøe er ein skarp egg.. Frå her er det storslått utsikt sørover mot Veobrean, Veobreatinden, Memurutindane og dei øvrige Veotindnene, samt Styggehøbrean og Styggehøbreatindane.

Vidare mot Glitterrundhøe: Etter å ha passert toppen på Ryggjehøe, går det nedover i ca. 300 høgdemeter. Her skal du på ein måte "rundt" Steinbuvatnet, langs steinryggen. Du følger ryggen heile vegen, og har "stupet" ned mot Steinbuvatnet på di høgre side. Det er vanlegvis ikkje noko problem å finne fram, men som elles i Jotunheimen, er det mest stein når du kjem over 1500-1600 meter. Her går du i steinur heile vegen. 

Når du kjem ned i "dumpa" mellom Ryggjehøe og Glitterrundhøe fortset du over steinrøysa til andre sida før du igjen går oppover ca. 250 høgdemeter. Toppunktet på Glitterrundhøe er markert med ein ganske beskjeden steinvarde, som står midt i dette "månelandskapet" av stein. Frå her går turen vidare i retning Steinbuvatnet, langs kanten av ryggen og vidare oppover steinrøysa som leiar mot Glittertinden. 

Siste del av turen får du på større steinar. Denne røysa er litt tung å gå i fram til du kjem opp på hovudstien til Glittertinden, som er merka med raude T’ar. Hald da mot høgre til du når toppen.  

Frå Glittertinden er nedturen sjølve oppturen. Da kan du følgje snøen på vinterruta. Her kan du ake – om du har med rumpeakebrett. Fin avslutning på ein flott tur med retur til Glitterheim. 

Adkomst: 
Til Glitterheim: Med eigen bil over Valdresflya, tek ein av Fv 51 i Randsverk og køyrer 23 km etter grusvei (bomveg) fram til parkeringsplassen på nasjonalparkgrensa i Veodalen. Parkeringa er gratis. Frå her er det ca. 1,5 times gange eller ca. 45 min. sykkeltur på grusveg fram til Glitterheim - ca. 7 kilometer. Her er det mogleg å leige sykkel for å kome seg inn til Glitterheim. Henting av bagasje etter avtale med vertskap

Om ein kjem frå vest (Lom), følg Rv 15 til Garmo, og sætervegen Hesthagen - Smørli (bomveg). Det er ca. 40 km frå Lom til nasjonalparkgrensa.

Om sommaren går det tog/buss frå Otta til Randsverk eller buss via Fagernes til Randsverk. Her er det taxi inn til nasjonalparkgrensa i Veodalen. 

Alternativ: Til Glittertinden frå Spiterstulen:
Det er og mogleg å strarte turen til Glittertinden frå turisthytta Spiterstulen i Visdalen. Da går du nordaust over Skautkampan, over Skauta og vidare langs Steindalselve og ryggen austover til toppen. Retur same veg, eller ned til Glitterheim. På denne turen må du rekne med å bruke rundt 9 timar. For å kome til Spiterstulen, følgjer du Sognefjellsvegen (Fv. 55) frå Lom og tek av til venstre inn mot Visdalen. Dette er ein grusveg med automatisk bom (betal via app). 

Fasiliteter

Natur og terreng

  • nasjonalpark

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Adkomst:  Til Glitterheim: Med eigen bil over Valdresflya, tek ein av Fv 51 i Randsverk og køyrer 23 km etter grusvei (bomveg) fram til parkeringsplassen på nasjonalparkgrensa i Veodalen. Parkeringa er gratis. Frå her er det ca. 1,5 times gange eller ca. 45 min. sykkeltur på grusveg fram til Glitterheim - ca. 7 kilometer. Her er det mogleg å leige sykkel for å kome seg inn til Glitterheim. Henting av bagasje etter avtale med vertskap

Om ein kjem frå vest (Lom), følg Rv 15 til Garmo, og sætervegen Hesthagen - Smørli (bomveg). Det er ca. 40 km frå Lom til nasjonalparkgrensa.

Om sommaren går det tog/buss frå Otta til Randsverk eller buss via Fagernes til Randsverk. Her er det taxi inn til nasjonalparkgrensa i Veodalen.

Sjå meir

The main building at Glitterheim during winterGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Glitterheim | Sykkelutleige, Lom

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no