For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Glitterheim turisthytte

TypeTuristforeningshytte DNT

Veodalsvegen, 2686, Lom

+ 47 61231833

Glitterheim en flott vinterdag
  • Glitterheim en flott vinterdag
  • Hovedhuset på Glitterheim om vinteren
  • Fjellski i snøen på veg mot Glitterheim
  • Product Image
  • Glitterheim turisthytte
  • Glitterheim turisthytte
  • Glittertind, Glitterheim turisthytte
  • Product Image
  • Glittertind i vinterdrakt
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Oversiktbilde Glitterheim Turisthytte
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

DNT-hytta Glitterheim ligg ved foten av Glittertind, omkransa av ei rekkje 2000 - meterstoppar.  Familien Vole ventar deg med 140 senger og måltider basert på tradisjonsrik fjellkost.

Glitterheim har 137 senger. Desse er fordelt på 2-sengsrom og, 4-sengsrom, større rom og sovesal.

I alle senger er det dyner og puter med varetrekk. Ver vennleg å bruk eigen lakenpose. Det er òg mogleg å legge til side dyna og bruke eigen sovepose. Lakenpose eller sengetøy kan laigast i resepsjonen.

Hytta har varmt og kaldt vatn i hovudhuset og aggregatstrøm (220 v). Det kan likevel vere greit å ha ei lommelykt i sekken da aggregatet slås av ca. kl. 23.00 kvar kveld. I sovehuset finnes toalett, dusj og tørkerom.

Frå Glitterheim er det natursti for barn og vaksne. På naturstien får du vete meir om planter, dyreliv, tradisjonar og tidlegare busetting i området. Sjøl om Glitterheim ligg både høgt og alpint til, er området rundt hytta grønt og frodig. Her finn du blåbærlyng, tyttebærlyng, og i sørveggen på hytta trives rabarbraen.

Sesong: medio mars - medio april og medio juni - medio september

Vi har sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa - Glitterheim. Kr 75,- pr sykkel pr veg.
Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. 

Høgruta i Jotunheimen:
Glitterheim er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar som Norge sitt nest høgaste fjell, Glittertind.

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • Guidet tur

Medlem i

  • Den Norske Turistforening

Kart

Veibeskrivelse

Om vinteren har vi  transport heilt inn til trappa på Glitterheim. Kjem du med eigen bil, kan du køyre til Veolia i Sjodalen, der det er parkeringsplass. Vi abefaler E6 om vinteren, sidan Valdresflya er vinterstengd. Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. Vi har sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa - Glitterheim. Kr 75,- pr sykkel pr veg.  

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Med offentleg transport kan du ta buss eller tog til Otta, så ordner vi resten frå Glitterheim – på bestilling. Det blir i vinter satt opp bussar frå Otta til Veoli og vidare innover Sjodalen.  All transport fra Veoli må bestillast på Glitterheim, gl-heim@online.no eller tlf 61231833  (90015529 utanom sesong).

Vanlege avganger om vinteren er frå Veoli kl 16.00  Retur frå Glitterheim etter frukost.  Sidan vi ligg i nasjonalpark har vi kun høve til 3 turar per veke. Grupper kan bestille transport utanom oppsatte turar, så prøver vi så godt vi kan å ordne dette.

Opningstider

Vinter (13 mar 2020 - 13 apr 2020)
Sommar (19 jun 2020 - 13 sept 2020)

* Hytta er ope for sjølvbetening med DNT-nøkkel i desse periodene:
15. februar - 13. mars, 14. april - 18. juni og 14 .september - 15. oktober 2020.

Sjå meir

Fottur til Glittertind - 2465 m.o.h., LomNorges nest høgaste fjell Glittertind, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

Topptur på ski: Glittertind (2464 m.o.h.), LomTopptur på ski til Noregs nest høgste fjell gir formidabel utsikt over store delar av Jotunheimen, og er eit ypperleg skifjell for fjellskiturar.

Topptur: Kvitingskjølen 2064 og 2060 moh., LomKvitingskjølen er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp som egnar seg både til fots og på fjellski.