Høgruta i Jotunheimen | Haute Route Norge

TypeSkitur

Jotunheimen
  • Høgruta i Jotunheimen
  • Product Image
  • Høgruta i Jotunheimen. Foto: Hans Kristian Krogh-Hanssen
  • Høgruta i Jotunheimen. Foto: Hans Kristian Krogh-Hanssen
  • Product Image
  • Høgruta_Jotunheimen_2019_Besshoe_Foto_Christian_Nerdrum
  • Product Image

Om

Høgruta i Jotunheimen er ein 5-dagars topptur i hjartet av Jotunheimen. Ruta går over minst åtte brear og sju 2000-metertopper, inkludert Glittertind og Galdhøpiggen. Kvar etappe er ca 15 km, med 1000-1500 meter stigning.

Dette er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Turen tek deg med inn i indrefileten av norsk høgfjell. Ein overnattar på trivelege turisthytter, der vertskapet serverer både middag og frukost til gjestane; 

DAG 1: Gjendesheim/Bessheim - Memurubu 
16 km – 1258 høgdemeter

DAG 2: Memurubu- Glitterheim
18 km – 1400 høgdemeter

DAG 3: Glitterheim - Spiterstulen 
14 km – 1100 høgdemeter

DAG 4: Spiterstulen - Leirvassbu
17 km - 1800 høgdemeter

DAG 5: Leirvassbu - Krossbu
12 km – 1150 høgdemeter


Kven kan gå Høgruta i Jotunheimen?
For å kunne gå Haute Route Jotunheimen bør du kunne køyre komfortabelt ned svart løype i alpinanlegg og beheske off-piste-køyring under varierande forhald. Du bør vere i god fysisk form og du må vere godt vant til vinterfjellet. Du bør ha gode kunnskaper om skred og noko brekunnskap.

Om du ikkje har fjellerfaringa som trengs, kan du ha med deg ein guide på turen. 
Tips til guidar, utstyrsliste og meir informasjon om turen finn du her: Høgruta i Jotunheimen

Kva har du i sekken? 
Når ein er såpass mange dagar på tur, kjem ein til å kjenne at sekken "sitt på ryggen". Det er difor viktig å pakke så lett som mogleg, og ikkje ta med seg meir enn det ein faktisk treng. Det er og ein fordel å tenkje på at det ein har med seg ikkje veg for mykje.

Sjå forslag til pakkliste her! 

Det er ein kunst å pakke så lite som mogleg, men akkurat det du får behov for. Det er viktig å ha med ein vindsekk og ei god dunjakke. Varme vottar er uvurderleg. 

Mat og drikke: 
Det er viktig å smøre gode matpakker kvar dag, og ca. 2 liter vatn. Det er veldig individuelt kor mykje næring kvar enkelt treng på ein slik tur. Nokon går godt på vatn og sjokolade i mange timar, medan andre i tillegg treng 6- 8 brødskiver per dag. Det beste er uansett å kome fram til dei varme turisthyttene etter ein lang dagsmars, og få servert nydeleg middag! 

Høgruta-hytter: 
Ein stor del av opplevinga ved å gå Høgruta i Jotunheimen er å kome fram til dei betente hyttene etter ein lang og tidvis strevsam skitur. Her treff du imøtekommande vertskap som står klare med varm mat og godt å drikke. Den originale Høgruta i Jotunheimen startar anten frå Bessheim eller Gjendesheim og ender opp på Krossbu, langs Sognefjellsvegen. Her er ei oversikt over hyttene du er innom på turen: 

Bessheim fjellstue
Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi totalt 170 sengeplasser fordelt på rom, utleigehytter, leilegheiter - og matservering

Gjendesheim: 
DNT-hytta Gjendesheim ligg i hjarta av Jotunheimen, under Besseggen ved Gjende. Hytta er det mest kjende startpunktet for turar over Besseggen. Rett utanfor dørstokken på Gjendesheim ventar spektakulære 2000-meterstoppar med fantastisk utsikt. På hytta kan du glede deg til nydeleg lokalmat, vedfyrt badestamp og pizzaovn. 

Memurubu: 
Memurubu turisthytte er idyllisk plassert under Besseggen ved Gjende, og er den mest naturlege startstaden for turar over Besseggen. Hytta ligg mellom Gjendesheim og Gjendebu, med Besseggen og Bukkelægret på kvar side. 150 sengeplassar.

Glitterheim: 
DNT-hytta Glitterheim ligg ved foten av Glittertind, omkransa av ei rekkje 2000 - meterstoppar.  Familien Vole ventar deg med 140 senger og måltider basert på tradisjonsrik fjellkost. Glitterheim har 137 senger.

Spiterstulen:
Turisthytta Spiterstulen ligger 1111 meter over havet i den frodige Visdalen i Jotunheimen, og er eit naturleg startpunkt for turar til Noreges høgaste fjell, Galdhøpiggen. Her kan du dessutan nå 17 av dei 26 toppane i Noreg på over 2300 meter over havet på dagstur. 200 senger.

Leirvassbu:
Leirvassbu fjellstue i Jotunheimen ligg idyllisk til 1400 moh. ved Leirvatnet rett under foten av det karakteristiske fjellet Kyrkja. Hytta er eit ypperleg utgangspunkt for toppturar med flust av 2000-meterstoppar rett utanfør døra

Krossbu
Krossbu turisthytte er ei privateid turisthytte frå 1901. Hytta ligg idyllisk til ved riksveg 55, Sognefjellsvegen, Noregs høgste fjellovergang. Over tjue 2000-meterstopper ligg i området. Smørstabbreen, Jotunheimens største isbre, ligg i gangavstand frå Krossbu. Her er det moglegheit for  fjellaktivitetar omtrent heile året.

Gå Høgruta i fleire etapper
Det er viktig å vere klar over at fleire som prøver seg på heile Høgruta i eit jafs, ofte må velge seg alternativer til "hovudruta", droppe ein av toppane, gå for ei anna nedkøyring enn planlagt - eller avbryte undervegs grunna vêr- og føreforhald. Slik er realiteten i fjellet. Men heldigvis forsvinn dei ikkje, verken fjella eller turisthyttene, og ventar på deg til du kjem attende.

Dessutan er det ikkje alltid det passer seg å vere på tur i fem dagar i strekk. Det er difor ei fin løysing å planlegge til dømes halve ruta på ei langhelg, og resten ved ei seinare anledning. Høgruta er ein krevjande tur der ein går mange timar på ski kvar dag, og legg bak seg mange høgdemeter. Om du ikkje har fått gått så mykje på ski denne sesongen, eller føler at formen ikkje er heilt der han bør vere, kan altså delar av Høgruta i Jotunheimen vere eit godt alternativ.

Høgrutabussen:
For å lette på logistikken når du går Høgruta, kan Høgrutabussen køyre deg til start, plukke deg opp undervegs eller hente deg i mål.

Kart

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Turen startar frå Bessheim eller Gjendesheim og ender ved Krossbu, langs Sognefjellsvegen. Det er òg mogleg å gå motsatt veg, med start på Krossbu.

Utmerkelser

  • SM Miljøfyrtårn

Opningstider

Gjendesheim (14 jan 2022 - 1 mai 2022)
Bessheim (10 feb 2022 - 17 mai 2022)
Spiterstulen (3 mar 2022 - 1 mai 2022)
Leirvassbu (24 mar 2022 - 1 mai 2022)
Memurubu (25 mar 2022 - 24 apr 2022)
Glitterheim (25 mar 2022 - 24 apr 2022)
Krossbu (7 apr 2022 - 18 sept 2022)*

* Turisthyttene er opne for booking i sesong.

Dates and times marked with a '*' are provisional and may be subject to change

Sjå meir

Leirvassbu | TuristhytteLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Krossbu Tourist Hut, with view over Store SmørstabbtindKrossbu | Turisthytte, LomKrossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.

Gjendesheim turisthytte, VågåOpplev Gjendesheim i hjarta av Jotunheimen, under Besseggen ved Gjende.

The main building at Glitterheim during winterGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Winter at Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Ski mountaineering Storebjørn JotunheimenTopptur på ski: Storebjørn (2222 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL STOREBJØRN (2222 m.o.h) Storebjørn er ein av dei mest populære toppturane i Jotunheimen. Bakfrå ser fjellet ut som ein sovande bjørn, og utsikta frå toppen er heilt rå!  Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Leirdalen​​​​​

Topptur på ski: Glittertind (2464 m.o.h.), LomTopptur på ski til Noregs nest høgste fjell gir formidabel utsikt over store delar av Jotunheimen, og er eit ypperleg skifjell.

Topptur på ski: Galdhøpiggen frå Leirvassbu - klassisk fjellskitur (2469 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ LEIRVASSBU 2469 m.o.h. Landets vakraste fjellskitur!

Topptur på ski: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) - frå Raubergstulen, LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ RAUBERGSTULEN - 2469 m.o.h. Til Noreg sitt tak på vinterstid! Du har kanskje vore på Galdhøpiggen, men har du køyrt ned frå Norges høgaste fjell på ski?

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Bessheim | Fjellstue, VågåTopptur på Valdresflya? Eller kanskje vintertur over Besseggen? Bessheim fjellstue ligg glimrande til for idylliske vinteropplevingar!

Topptur på ski: Surtningssue (2386 m.o.h.) frå Gjende, VågåTOPPTUR TIL SURTNINGSSUE 2386 m.o.h: Flott skitopp som byr på storslagen panoramautsikt til store delar av Jotunheimen. Surtningssue er den andre toppen som ein går opp på under Høgruta Jotunheimen.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) - frå Spiterstulen, LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ SPITERSTULEN: Ta med deg skia til Norges tak under vårskisesongen i Jotunheimen!