For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Memurubu | Turisthytte

TypeFjellstue

2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forMemurubu | Turisthytte (Åpnes i et nytt vindu)

+47 460 16 100

Vinterbilete frå Memurubu
  • Vinterbilete frå Memurubu
  • Skikøyrar i strålande vintervær med utsikt mot Gjende
  • Hygge ved peisen på Memurubu
  • Bilete av den gamle steinbua i Memurubu
  • Product Image
  • Product Image
  • Sommarbilete av Memurubu turisthytte i Jotunheimen
  • Product Image
  • Middagsservering på Memurubu
  • Memurubu//Cathrine Dokken
  • Utsikt frå turen over Bukkelægret i Jotunheimen, med utsikt mot Gjende og Memurubu
  • På skitur ved Memurubu i Jotunheimen
  • Solnedgong på Gjende
  • Bilete av iskrystallar og sol
  • Solnedgong ved Gjende i Jotunheimen

Om

Memurubu turisthytte er idyllisk plassert under Besseggen ved Gjende, og er den mest naturlege startstaden for turar over Besseggen.  Hytta ligg mellom Gjendesheim og Gjendebu, med Besseggen og Bukkelægret på kvar side.

Memurubu vart oppført i 1872 og har i århundrer vore ein populær utfartsstad for både dyr og folk. Den vakre og skjerma plasseringa ved utløpet av elva Muru, midt på Gjende, gjer Memurubu til ei perfekt base for å utforske Jotunheimen og mange av dei mest kjende fjellturane i området

Memurubu har 150 sengeplassar fordelt på 2-,3-,4- og 5-mannsrom. Moderne standard. Rom med dusj og WC. Det er tilrettelagt for teltplass.

Besseggen:
Memurubu er det mest kjende startpunktet for turar over Besseggen, og turane over eggen anten startar eller sluttar på Memurubu. Hytta er eit flott utgangspunkt for dagsturar til små og store toppar i området. Viss du reiser med små barn, kan du gjerne kombinere nokre dagar hos oss med ein telttur til Memurudalen.

Guida turar på bestilling.

Servering:
I fjellrestauranten blir det servert frukost og treretters middag til alle, både til overnattingsgjestar og til dei som kjem innom for eit godt måltid.

Memurubu serverer treretters middag alle dager, og tilbyr varierte og lokale menyar med fisk, spekemat, karbonader, elg og rein. Memurubu turisthytte har som mål at du alltid skal få god og smakfull mat, og du skal alltid få servert rause porsjonar.

Litt svolte? Sjøl om du ikkje bur på turisthytta, er du hjerteleg velkomen innom kafeen med kalde og varme drikker, vafler, snacks og smårettar – alt du drøymer om i bakkane opp og ned frå Besseggen.

Høgruta i Jotunheimen:
Memurubu er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske toppar som Surtningssui og Besshø. Eller kva med å gå turen over Besseggen på ski?

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • turstier- merkede

Aktiviteter

  • båtturer
  • fjellvandring
  • spasertur
  • turstier

Annen overnatting

  • turisthytte

Arrangementstyper

  • Natur

Natur og terreng

  • fjell
  • fjellterreng
  • utsikt

Spesial

  • fjellområde

Tema

  • Naturopplevelser

Kart

Veibeskrivelse

Det er ikkje bilveg inn til Memurubu. Du kan anten ta Gjendebåten eller gå til fots på merka sti langs Gjende frå Gjendesheim, eller via Besseggen. 

Opningstider

* Ope i sesong

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Turtips: Fottur langs Gjende | På merka sti mellom Memurubu og Gjendesheim, LomTurtips: Vandre langs Gjende mellom turisthyttene Memurubu og Gjendesheim. Anten som alternativ til Besseggen, eller om du ynskjer å gå heile vegen.

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu, LomTurtips: Gå det spektakulære Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu!

Turtips: Fottur til Bukkehåmåren (1910 moh.) i Jotunheimen, VågåTurtips: Frå Bukkehåmåren får du rå utsikt over Gjende og Jotunheimen - og garantert et bra Instagram-bilde!

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu, VågåGira på ein lengre skitur til vinteren? Ta turen langs kvista løyper og høge fjell mellom turisthyttene Gjendesheim, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu.

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte, Vågå«Klassikaren i Jotunheimen» er ein 5-dagars fjellskitur i hjertet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta følger merka vinterløyper mellom betjente turisthytter. Hele ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierer i lengde fra 14 – 26 km.

Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte, VågåKlassikaren i Jotunheimen er ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte i kremen av Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde, og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no