Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte

TypeTopptur vinter

Gjendevegen 200, 2683, Tessanden
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Gira på ein lengre fjellskitur til vinteren? Klassikaren i Jotunheimen ter deg med på ei 5 dagars fjellskieventyr frå kvist til kvist, og frå hytte til hytte i klassisk høgfjellsterreng.

Medan den etablerte «Høgruta i Jotunheimen» går oppom høge toppar, går klassikaren i lågare og snillare terreng, som gjer denne turen perfekt egna for fjellski. Heile ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetappar som varierer i lengde frå 14 – 26 km.

Beste utgangspunkt: Gjendesheim turisthytte
Antatt tidsbruk: 5  dagar (rundtur).
Lengde: Totalt ca. 100 km. og ca. 1974 høgdemeter
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og fjellski.

Denne fleirdagarsturen i hjarta av Jotunheimen tek deg forbi mange av dei høgaste fjella i Norge, og innom trivelege turisthytter på vegen. Alle hyttene er betjente og alle rutene er kvista. Om du ikkje har fem dagar på deg, kan du gå delar av ruta. 

Ruta går mellom hyttene Gjendesheim - Glitterheim - Spiterstulen - Leirvassbu - Gjendebu og retur til Gjendesheim. 

Frå midten av mars er det mogleg å korte ned strekninga mellom Gjendebu og Gjendesheim med ei overnatting på Memurubu.

Dag 1: Gjendesheim - Glitterheim (1390 moh.) | ca. 19 km. og 7 timar | Etter ei natt på Gjendesheim gyv du laust på fyrste dagsetappe til Glitterheim. Fyrst opp mot Bessvatnet med utsikt til 2000-meterstoppen Besshøe, før kvisteløypa går vidare til Russvatnet. Frå Russvatnet går du vidare opp aust for Blåtjønnåe og over fjellryggen mellom Vestre og Austre Hestlægerhøe - toppen av skardet - og panoramautsikt mot Glittertinden. Ned i Veodalen forbi kvistedelet til Memurubu og videre til Glitterheim. NB! Sommarruta om Tjønnholet og skråningane på begge sider av Tjørnholåe er utsatt for skred og må ikkjee gåast om vinteren! 

Dag 2: Glitterheim-Spiterstulen (1100 moh.) | ca 17 km og ca. 7 timar | Følg kvista vinterrute over Skautflye til Spiterstulen. Det er òg mogleg å gå turen via Glittertinden (2465 moh.). Følg da merka rute nordvestover opp til 2250 moh. Her dreiar du vestover og kryssar Glitterbrean, som du følger til topps.

Dag 3: Spiterstulen - Leirvassbu (1400 moh.)  | ca. 17,3 km og 7 timar | Turen går langs kvista vinterrute gjennom Visdalen. På denne turen har du 2000-meters topper i alle himmeretninger. Turen går stort sett i lett terreng, så her har du god tid til å nyte den spektakulære naturen.

Dag 4: Leirvassbu - Gjendebu | 18,7 km og 6 timar. | Turen går sørøstover mot Gjende og Gjendebu, og startar ved å følge kvista løype over Leirvatnet og opp til passet Høgvaglen, kor du får god utsikt mot majestetiske Kyrkja. Herfra går det nedover i lett og fantastisk skiterreng over Langvatnet og ned vakre Storådalen. Gled deg til å kome fram ved Gjende og til vertskapet på Gjendebu.

Dag 5: Gjendebu - Gjendesheim | 18,4 km. og 6 timar | Den siste etappa går over ikoniske Gjende. Her går løypa over vatnet over vannet frå kvist til kvist. Om du ynskjer ei stuttare etappe, kan du legge inn ei overnatting på Memurubu. Når du går over Gjende har du god til å nyte dei vakre fjelltoppene som omkransar vatnet, og i det fjerne skimtar du Besseggen og Besshøe. På turen har du Besseggen til venstre og Knutshøe til høgre som følgesvener langs heile turen. Her får du god tid til å tenke på alle dei fantastiske opplevingane du har hatt på turen. Vel framme på Gjendesheim ventar treretters middag og oppredd seng.

Kart og ruteinformasjon: Turkart Jotunheimen Øst og Vest 1:50 000. 

Kombinere med topptur?
Om du går med randonné-utstyr og ynskjer å gå oppom dei høge toppane på vegen, kan du lese meir om Høgruta i Jotunheimen under. I boksane finn du òg  fleire turtips og meir informasjon om kvar av turisthyttene: 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Glitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Signs for hikes near Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Ski mountaineering in JotunheimenFyrst og Fremst | Guiding og aktivitetar i Lom og Jotunheimen, LomFyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Tilbyr breturar, ulike kurs, toppturar på ski og Galdhøpiggen sommar og vinter.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no