Er du fjellglad, arbeidslysten og ute etter sommarjobb? Da har du kome til rett plass! Ein sommarjobb i Lom og omland kan gi deg minne for livet, nye venskap og flotte naturopplevingar på fritida.
Visit Jotunheimen: Vi er sjølve på jakt etter fjellglade, positive og serviceinnstilte medarbeidarar til turistinformasjonen i sommar. Dine arbeidsoppgåver vil primært vere å hjelpe turistar, i turistinformasjonen og på telefon og e-post. Du vil òg stå for sal av kart, bøker og tur-relaterte artiklar frå utsalet vårt i turistinformasjonen, og bidra med aktivitet i våre sosiale kanalar.
Du arbeider i hovudsesongen frå juni/juli til byrjinga av september, og arbeidstida vil variere. Helger må påreknast og det er positivt om du har anledning til å arbeide nokre helgar utover seinsommaren/hausten. Med base i nasjonalparklandsbyen Lom, med Galdhøpiggen, Glittertind og høgdemetervis med 2000-meterstopper i «bakhagen», er dette ei unik sjanse til å jobbe i kremen av Fjell-Noreg, og hjelpe enda fleire til å oppleve den unike naturen, aktivitetane, maten og kulturen.
Vil du bli vår kollega? Les meir og søk her
Best Lom: Har fleire ledige stillingar, både i 100% vikariat og ferievikarar for sommaren. Arbeidsoppgåver er salg og kundebehandling, tilbereiing av mat, påfyll og bestilling av varer samt rydding og reinhald. Løn vert fastsett frå tariff. Søknadsfreist fortløpande.
Kontakt gjerne Morten på tlf 99230771 eller Svein på tlf 90191565 for ein prat eller dersom det er spørsmål kring stillingane. Enkel søknad kan leverast på stasjonen eller sendes per e-post til lom@beststajon.no
Gjeilo camping: søkjer sommarhjelp! Campingen ligg i Skjåk kommune, 7 km fra sentrum i Lom. Dette er ein tradisjonell familiecamping som no treng fleire tilsette. Arbeidet består av ein kombinasjon av reinhald og resepsjonsarbeid, og sesongen er frå juni til september. Arbeidsta vil variere litt med sesongen. Kvalifikasjonar: Du er over 14 år, taler norsk og engelsk, er sosial og omgjengeleg, liker orden og er glad i å arbeide!
Har du spørsmål så ring Tanja Gjeilo på tlf. 94152708. Send jobbsøknad på epost til post@gjeilocamping.no innen 31. mars.
Juvasshytta: Turisthytta 1840 meter over havet har ope helgar i mai og kvar dag frå 3.juni - 18.september 2022, og mange ledige stillingar for sesongen. Dei treng mellom anna kjøkenassistent (over 18 år), frukostvert/vertinne, reinhald, vask av rom og fellesareal, servitørar, resepsjonist, vaktmester (fint med førarkort på traktor då denne stillinga og kan inkludere brøyting av veigen opp), breførar (krav om brekurs og fyrstehjelpskurs) og salgsmann/-kvinne på "Piggjehytta".
Send ein søknad på e-post til: silje@juvasshytta.no, merk med "søknad jobb 2022", skriv litt om deg sjølv, legg ved attest, CV og periode som er aktuell for deg å jobbe.
Les meir her!
Kiwi Lom: Har ledig sommarjobb innan sal og kundebehandling, og varepåfylling/rydding. Freist for å søke: 12.02.2022. Søknad kan sendast til kiwi.lom@kiwi.no. Sjå her for meir informasjon.
Krossbu turisthytte: Krossbu ligg på 1267 moh. med høge fjell og fantastisk natur på alle kantar. Hytta er ope frå 7.april til 11. september 2022, og treng sesongarbeidarar til resepsjon, servering og reinhald.
Send en søknad med CV til: lene@krossbu.no.
Les meir her!
Leirvassbu turisthytte: Hytta i Leirdalen opnar for vintersesongen den 24.mars, og treng arbeidshjelp til servering av middag, frokostvakter, vasking og resepsjon/bar. Interessert? Send CV og søknad til: leirvassbu@ton.no
Memurubu turisthytte: Turisthytta midt på Gjende er ope frå 25.mars - 24.april og frå 17.juni - 18.september 2022, og søker kokk/kjøkenmedarbeidarar til både vinter- og sommersesongen, samt resepsjonistar, renhaldarar, kjøkenmedarbeidarar og servitørar til sommarsesongen. Les meir her!
Interessert? Ta kontakt på telefon (460 16 100/ 460 16 300) eller e-post: post@memurubu.no.
Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 - istunnelen ved Galdhøpiggen: Er du glad i naturen, fjella, dei hardhause dyra og plantane som lev der, og nysgjerrig på korleis klimaet påverkar alt? For sesongen 2022 er det ledige stilllingar som medarbeidar ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 med arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding, butikksal og formidling av natur og kulturhistorie.
Spørsmål? Kontakt dagleg leiar Mai Bakken på telefon: 97 18 04 69 eller e-post: mai@norskfjellsenter.no.
Søknad med CV sendast innan 1. mars 2022 til Norsk Fjellmuseum, Brubakken 2, 2686 Lom, eller på e-post til mai@norskfjellsenter.no.
Skogstad Lom: Skogstad er ein av Norges leiande leverandør av sport- og fritidsklede for heile familien. Butikken i Lom søker etter ekstrahjelp/sommarhjelp til butikken i Lom sentrum. Arbeidstid vil vere ettermiddagar og laurdagar. Send CV og søknad til butikksjef Siv-Eline Hermansson: siv-eline.hermansson@skogstadsport.no
Smak i Lom: Den trivelege lokalmatbutikken i Lom sentrum søker arbeidshjelp på dag- og kveldstid for sommaren. Oppgåvene inkluderer kundebehandling, kasse, varepåfyll, barista/kuleis/vaffelsteiking og servering. Send CV og søknad til post@smakilom.no
Sognefjellshytta: Søker både servitører, resepsjonist og frokostansvarlig for sesongen 2022. Sognefjellshytta opnar til påske og har ope til midten av september 2022. Er du interessert? Send gjerne en søknad eller eventuelle spørsmål til: post@sognefjellet.no
Les meir her!
Stillingssleppet 2022 vart publisert 10. februar!
Dei aller fleste av bedriftane rundt oss har lagt inn sine ledige stillingar i stillingssleppet no. Heile 550 stillinger ligg ute, og av disse finn du heiltidsstillingar, sommarjobbar, lærlingplassar og kontorfellesskap: https://www.komtiloss.no/stillingssleppet
Utanom stillingssleppet, må du gjerne sende oss ein open søknad!
Om du ikkje veit heilt kor du kunne tenkjer deg å jobbe, kan du send oss ein open søknad (utanom tidsrommet for stillingssleppet). Vi vil da vidareformidle til aktuelle bedrifter. Om dei finn søknaden relevant, vil dei ta direkte kontakt med deg.
Send søknad og CV til:
post@visitjotunheimen.no
- Merk emnefeltet med "open søknad".
Skriv gjerne litt om kva arbeidserfaring du har frå før, kva periode du kan jobbe og om det er noko spesielt du kunne tenkje deg å arbeide som/med. Vi ser fram til å høyre frå deg!
© Visit Jotunheimen. Copyright