For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Lom nasjonalparklandsby

TypeTettsted

2686, Lom

+47 61 21 29 90

  • Byggeskikken i Lom sentrum
  • Lom stavkyrkje
  • Lomseggen - topptur frå Lom sentrum
  • Fire årstider i Lom nasjonalparklandsby
  • Product Image
  • Product Image
  • Lom stavkyrkje. Foto: Mari Wedum
  • Bakeriet i Lom
  • Product Image
  • Fossheim steinsenter i Lom
  • Norsk fjellsenter i Lom, Jotunheimen
  • Klatretårnet i Lom
  • Presthaugen, Lom Jotunheimen
  • Product Image
  • Norsk fjellsenter
  • Fossberg hotel - Lom, Jotunheimen

Om

Lom sentrum, Fossbergje, er ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane JotunheimenBreheimen og Reinheimen. Noregs to høgaste fjell - Galdhøpiggen og Glittertind ligg i Lom.

Lom med sine 2350 innbyggarar, er den mest typiske fjellkommuna i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 meter over havet. Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen, og utgjer eit krysningspunkt mellom aust og vest. På under to timar (sommarstid) kan du forflytte deg frå høgfjellet i Jotunheimen til verdas lengste fjord, Sognefjorden.

Midt i sentrum renn elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen. Namnet Fossbergje kjem av berga som stikk fram ved fossen. Her har bygdasenteret vakse fram på båe sider av elva sidan slutten av 1700-talet. Den fyrste private aktiviteten i området var eit kvernbruk rundt 1770. Den fyrste landhandelen kom i 1870.

På Fossbergom er det eit yrande liv i sommarmånadene med bygdafolk og turistar om kvarandre. Her finner du alt frå ein verdsberømt bakar til Lom stavkyrkje frå sist på 1150-talet, som er ei av dei største stavkyrkjene i landet. Det er ein rekke turstiar som startar frå Lom sentrum. 

Sjå turkart her!

Det trivelege sentrumsmiljøet har uteserveringar, kafear, restaurantar, butikkar og er kjend for sin gjennomførte byggeskikk. Lom er staden for å utforske kultur og tradisjonar kombinert med moderne attraksjonar og aktivitetar.

Opplev nasjonalparklandsbyen - gå Bergomsrunda:
Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Kart over Bergomsrunda

Meir informasjon om vandringa får du på turistkontoret.

Kart

Sjå meir

Fossheim stone center, stones, glacier, geology, jewelleryFossheim steinsenter | Geologisk museum - utstilling - butikk, LomFossheim steinsenter er eit geologisk museum og smykkegalleri, butikk og verkstad i Lom nasjonalparklandsby.

Norwegian Mountain Center. Photo: Kristoffer Mæle ThuestadNorsk fjellsenter | Besøkssenter nasjonalpark, LomNorsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen med utstilling, museum og butikk.

Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby, LomBergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Upper activityareaAktiv i Lom | Lom aktivitetspark, LomLom aktivitetspark ligg midt i Lom sentrum med klatretårn, gyrotrampoline, 9-hulls minigolfbane, pedal gokartbane og pump-trackbane.

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum!, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

Tourist information in Lom National Park VillageVisit Jotunheimen | Turistinformasjonen i Lom, LomTuristinformasjonen i Lom finn du ved rundkøyringa midt i Lom sentrum. Turistinformasjonen er ope heile året og vi er tilgjengeleg på telefon og e-post.

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.