Lom aktivitetspark ligg midt i Lom sentrum ved Sport 1 Lom. Her finn dykk mange aktivitetar for barn, unge og heile familien. I aktivitetsparken har vi klatretårn, gyrotrampoline, 9-hulls minigolfbane, pedal gokartbane og pump-trackbane. I tillegg har vi kano og kajakkar for utleige.
På Gyrotrampolinane er det i all hovudsak dei yngste som morar seg, men det er også moro for andre i familien.
Klatretårnet i Lom er eit 16,5 meter høgt tårn med ulike klatreflater. Her kan både små og store utfordre høgdeskrekken i nett, stiger og klatretak.
Dette er eit klatretårn for alle, ikkje ein «ekstremsportvariant». Og du treng ikkje vere redd for å dette ned, for du er heile vegen sikra med automatsikring, som tek deg trygt og roleg nedatt om du mister grepet. Klatretårnet har 8 ruter og eit spektakulært hopp frå toppen; Lomsbykset.
Utanfor området er det og vanlege trampoliner og skaterampe. Me leiger ut diskar til diskgolf, bana ligg i Bøverdalen, ca 15 km frå Lom sentrum.
Du er velkomen til å ta kontakt med våre medarbeidarar her og få nyttig informasjon om aktivitetar du kan nytte deg av i Lom og Jotunheimen. Dei fleste av guidane våre veit mykje om aktivitetar i nærområdet og vi hjelp deg veldig gjerne med å få ei god oppleving både i høve aktivitetar, turar, mat og overnatting. Spør oss, så vonar me at vi kan gjera opphaldet dykkar i Lom og Jotunheimen enda betre.
Velkommen til oss i Aktiv i Lom!
17 min frå Galdesand 30 min frå Vågå
* Frå om lag midten av juni til midten av august.
Opent i haustferien.