For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Breheimen nasjonalpark

TypeNaturattraksjon

2690, Skjåk
Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Breheimen nasjonalpark - ”frå evig is til frodige seterdalar”

Breheimen nasjonalpark vart oppretta 7.august 2009, og ligg i eit fjell- og breområde i Skjåk og Lom kommunar i Oppland fylke og Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Nasjonalparken grensar opp til fem landskapsvernområder og eit naturreservat. Arealet i Breheimen nasjonalpark er ca. 1691 km², medan det samla verneområdet utgjer 1793 km²:

I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. I dag finn ein alt frå frodige seterdalar til karrige høgfjell og isbrear. Breheimen står fram som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.

Området har ei spennvidde i naturtypar frå nesten havnivå til godt over 2000 m.o.h. Brear, tindar, høgfjellsvidder, vassdrag med frittrennande elvar og fossar, frodige dalar med edellauvskog og kulturlandskap med seterdrift gjer at området er unikt i nasjonal samanheng. Breheimen har i mange år lokka fotturistar inn i fjellheimen med nærare 300 kilometer med merka turstigar. Mange av turane er krevjande og turisthyttane er stort sett sjølvbetente. Landskapet i vest er kupert med bratte fjell og djupe dalar, medan den austlege delen av landskapet er slakare.

Fakta om Breheimen nasjonalpark: 
Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit stort samanhengjande og villmarksprega naturområde med eit høgfjellsøkosystem og eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Bevaring av leveområda til villreinstamma i Ottadalen villreinområde er sentralt i vernet. Det er og viktig å ta vare på vassdragsnaturen, variasjonsrikdomen i geologi med særprega geologiske førekomstar frå istida og den vetle istida, klima, vegetasjon og landskap. Vernet skal og ta omsyn til grottene i området og kulturminne.

Les meir om Breheimen nasjonalpark!

Kart

Sjå meir

Skeid Kro, SkjåkSkeid Kro vart bygd i 1982. Her har vi plass til 150 gjester. I dag som for 50 år sidan kan vi tilby god heimelaga mat. For å få den kvaliteten vi ynskjer på maten, lagar vi den frå grunnen av i eiga foredlingsverksemd

Fjelleventyret - til fjells på hesteryggen, SkjåkFjelleventyret er ei familiedrift i bygda Skjåk i Gudbrandsdalen, som tilbyr rideturer i vakre Lundadalen i Breheimen nasjonalpark.

Nasjonal turistveg Sognefjellsvegen (FV 55), LomNasjonal turistveg Sognefjellet, fylkesveg 55, går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang. Dette er Nord-Europas høgaste fjellovergang med eit toppunkt 1434 meter over havet.