Fjelleventyret - opplev fjellet frå hesteryggen.
Fjelleventyret er ei familiedrift i bygda Skjåk i Gudbrandsdalen. Garden har 15 islandshester og utsikt rett inn i vakre Lundadalen. Her kan du bli med på rideturar innover gamle setervegar og til fjells anten du kjem aleine, med en ven eller kjærast, som ein familie eller som gruppe.
Lundadalen er ein frodig seterdal som ligg i Breheimen nasjonalpark. Gjennom dalen renner elva Skjøle med sitt turkise breevatn, og titt og ofte padlarar som glir forbi. Å oppleve skogen, setervegane og fjellet frå hesteryggen er ei unik oppleving. Vi stoppar opp og nyter ei god niste i fjellet ved elva, og kjennet lukten av lyngen før vi rir vidare.
Rideturar
Vi rir på 4 timars turar innover dalen kvar dag heile sommaren. Vi har også barnevennlege hestar, så her kan ein fint reise ut på ei stor naturoppleving som familie.
Pris:
Prisen pr person er 730 kr - for ridetur frå bygd til fjell gjennom stier i skogen, seterveger, over elver og lier mot vakre Lundadalen.
Velkommen til årets vakraste sommareventyr - på hesteryggen!
* Daglege rideturar frå fyrste veka i juli.