I hjarta av Lom finn du Norsk fjellsenter, krinsa av høgfjell og eventyr på alle kantar. Norsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.
I fjellsenteret finn du òg Café Slingsby, kunstutstilling, bokhandel, fjellbutikk og informasjon om natur, turar og andre aktivitetar i nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen - og ein triveleg lesekrok med stemningsfull peis om vêret er ruskete utanfor.
- der folk og fjell møtest!
Fjellsenteret er ein del av Stiftinga Norsk Fjellmuseum, og er også forvaltningsknutepunkt. Fjellmuseet skal syne menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid med brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss. I utstillinga finn du mellom anna Noreg sitt eldste klesplagg, ein 1700 år gamal herrekjortel som er funne 2000 meter over havet i Jotunheimen.
Utstillinga Bergtatt:
Høgdepunkta finn du samla i utstillinga Bergtatt - med fjellpionerar og fonnefunn. Utillinga tek for seg fjellvikingen sitt sverd og friluftslivet si utvikling frå Slingsby til selfiestang, fangst og ferdsel. Her finn du eit interaktivt fjellvitensenter og vêrrom med høgfjellet rett i kroppen. Dessutan myter, fjelleventyr og ein svært handfast mammut. Tre i Norge har allereie slått leir i Norsk fjellsenter - tek du turen innom i år?
Norsk fjellsenter har ope kvar dag gjennom heile året.
Kontakt:
T: +47 61 21 16 00
Inngangsbillettar kjøper du i skranken på fjellsenteret. Har du allereie kjøpt billett til Klimapark 2469? Da får du 50 % avslag på inngangsbilletten på fjellsenteret.
Vaksen kr 120
Familie kr 300 (to foresatte og barn under 18 år)
Honnør/student kr 75
Barn 0-3 år gratis
Barn 4-18 år kr 75
Grupper over 15 personar kr 75 pr pers. Kr 500 i tillegg for guide
Ved RV 15 retning Stryn, på nordsida av elva som renn gjennom sentrum av Lom.
Vinter (12 okt 2020 - 16 mai 2021) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | Stengt | |
Tirsdag - Fredag | 10:00 | - 15:00 |
Lørdag - Søndag | Stengt |
* Kontakt oss for å gjera avtale om besøk utanom opningstider og sesong:
post@norskfjellsenter.no
+47 61 21 16 00.