Fossheim steinsenter er eit geologisk museum og smykkegalleri, butikk og verkstad. Med landets største utval av mineral og smykkesteinar er det mykje både å sjå og kjøpe her.
Gratistippen:
Til glede for ungar i alle aldrar fyller vi i sesongen dagleg på spanande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis! Dette er steinar som har vorte til overs i produksjonen, og som ikkje kan nyttast til andre formål. Her er det høve for å finne mange sjeldne og fargerike steinar. Dette er særleig stas for ungar, som ikkje treng betale for steinane dei finn.
Du finn gratistippen rett utanfor husveggen på steinsenteret, midt i Lom nasjonalparklandsby.
* Utanom ordinære opningstider, ta kontakt på:
fossst@online.no
+47 612 11 460