Fossheim hotell | Restaurant

TypeRestaurant

Bergomsvegen 32, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forFossheim hotell | Restaurant (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 95 00

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Bilde av dessert med bringebær
Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
  • Bilde av jordbær dessert
Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
  • Kveite, Fossheim Hotel Lom - Jotunheimen
  • Tartar av ørret Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
  • bilde av Reinsdyrfilet
Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
  • Kamskjell Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
  • Bilde av Kokk Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
  • Bilde av Svein Garmo i vinkjellaren
Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
  • Spisesal og restaurant Fossheim Hotell Lom Jotunheimen
Fossheim Hotell Lom Jotunheimen

Om

Kjøkenet på Fossheim har vorte utvikla gjennom mange år, og norsk tradisjon og gode råvarer ligg i botn for det daglege arbeidet. Kokkane tenkjer lokalt i val av leverandørar og brukar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell. 

Det kan hende du kjenner ei fristande duft frå kjøkenet som lokkar deg ned til spisesalen. Heilt sidan 1978 da hotellvert Svein Garmo tok over drifta av hotellet, har fokuset vore mat og bruk av lokale råvarer.

Saman med Arne Brimi som byrja på Fossheim-kjøkenet same året som Svein tok over, bygde dei opp det som i dag er eit av Noregs beste hotellkjøken. På Fossheim er dei opptekne av å nytte mest mogleg lokale produsentar og råvarer, og hauste av nærområdet sitt.

Naturens kjøken: 
Lom er kjent for sin rike mattradisjon og har fostra nokre av landet sine fremste kokkar. Kjøkkenet følgjer årstidene og nyttar råvarer knytt til dei ulike sesongane. På Fossheim kan du velje mellom ulike menyar, frå enkle rettar til lang vinpakke-meny, og dersom du har spesielle ynskje vil dei gjere sitt beste for å tilpasse seg dine behov. Spisesalen er open for frukost for både buande og dei som ikkje overnattar på hotellet. Her kan du òg smøre matpakke til dagens tur. Prat med frukostvertane, så finn dei fram matpapir og hjelper deg med fyll av termos.

Når du kjem til Fossheim hotell, skal det vera som å koma heim til vertksapet. På Fossheim får du oppleva god mat tufta på lange tradisjonar.

Velkomen til Fossheim-restauranten -  for ei trivleg  og smakfull matstund! 

Sjå menyen her! 

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • bygget

Kapasitet

  • 50-200 personer

Mat og drikke

  • à la carte
  • allergimat
  • barnemeny
  • catering
  • frokost
  • gourmet
  • julebord
  • lokale retter
  • norsk mat
  • spesialøl
  • tradisjonsmat
  • uteservering
  • vinkart

Skjenkerettigheter

  • alle rettigheter
  • matservering med alle rettigheter
  • øl og vin
  • restaurant med skjenkerettigheter

Tema

  • Lokale smaksopplevelser

Kart

Opningstider

* Frukost:
Kvar dag kl. 07:00-10:00

Middag:
Mondag-torsdag kl.18:00 - 21:30
Fredag-laurdag kl.18:00 - 22:00

Sjå meir

Fossheim | Hotell, LomHistorisk overnatting i hjarta av Lom sentrum, eit perfekt utgangspunkt for turar i tre nasjonalparkar med gourmetmåltid servert i vår trivleege spisesal etter turen.

Fossheim | Mat- og vinkurs, LomTenk deg ei helg full av lukt, smak, oppleving og inntrykk. Fylle opp med kunnskap om mat og matkultur om dagen, slappe av med god mat og drikke om kvelden.  Slik kan det vera på matkurs på Fossheim.