For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Klimapark 2469 | Istunnelen ved Galdhøpiggen

TypeNaturattraksjon

Brubakken 2, 2688, Lom

Sjekk tilgjengelighet forKlimapark 2469 | Istunnelen ved Galdhøpiggen (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 16 00

  • http://www.youtube.com/watch?v=XSGFM38IpUQ
  • Product Image
  • Product Image
  • Oversikt over Klimapark 2469 med Juvflya og Juvfonna i framgrunnen og Galdhøpiggen i bakgrunnen.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Barn på besøk inne i istunnelen
  • Product Image
  • Meterologisk Institutt driv forskning i klimaparken.

Om

Klimapark 2469 -  ei tidsreise i istunnelen oppunder Galdhøpiggen. 70 meter inn i isen. 7000 år tilbake i tid. Lærdom for livet. Kvar dag i sommarsesongen. 

Bli med oss til Mímisbrunnr Klimapark 2469 – eit utandørs opplevingsområde 1800 meter over havet. Tør du gå inn og bli med inn i ei verd av iseventyr med ein pallett av farger, ljos og lyd ein berre kan finne i Klimaparken? 

Ved foten av Galdhøpiggen ligg ein 375 kvadratmeter handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad, og er hakka ut og forma med handmakt.

Kvar dag frå midten av juni til langt ut i september, kan du bli med inn i isen. På vegen fram til tunnelen er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar kor du lærar om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. 

Om turen:
Turen i Klimparken er ein lett fottur med naturvegleiar som fortel om fjell og klima i utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet - toppa med omvising i den fascinerande istunnellen i Juvfonne. Kjenn på islag som er inntil 7000 år gamle, opplev permafrosten som tiner, snøfonna som smelter og la deg trollbinde av fonnefunna som er utstilt i isen: Urgamle redskap, våpen, ski og klede som er gjort i fjellheimen dei siste åra i takt med klimaendringane smeltar snøen frå oldtida.

Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Naturvegleiaren tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med naturvegleiar på guida tur. Etter besøket i istunnelen kan du på eige hand ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen.


Praktisk informasjon: 
- Guida tur med naturvegleiar to gonger dagleg om sommaren. 

- Totalt 2 km vandring inkludert istunnellen.

- Kle deg i varme klær, lue, vottar og solide sko. 

- Oppmøte: Juvasshytta ved Galdhøpiggen - tilgjengeleg med buss og privatbil

- 45 min køyring frå Lom - 30 min frå avkjørsla frå riksveg 55 på Galdsand

- Kafé, restaurant, overnatting og WC ved parkeringa på Juvasshytta

- Grupperabatt på guida tur og halv pris på inngangsbillett til utstillinga "Bergtatt" på Norsk fjellsenter i Lom


Booking: 
www.klimapark2469.no

Kontakt: 
T: +47 61 21 16 00

E: post@klimapark2469.no

N: www.klimapark2469.no

 

Prisar

http://klimapark2469.no/booking/

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • Guidet tur

Arrangementstyper

  • Natur

Deltagere må ta med

  • varmt tøy

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil. Følg fylkesveg 55 Sognefjellsvegen frå Lom mot Sogndal. Ta av frå Fv. 55 ved Galdesand, 19 km vest for Lom sentrum. Følg skilting til Juvasshytta på asfaltert bomveg ca. 15 km. Parkering ved Juvasshytta. Start frå parkeringsplassen. 

Opningstider

* Ope i sesongen.

Sjå meir

Juvasshytta | Turisthytte, LomJuvasshytta er Noregs høgstliggjande fjellstue og nærmaste utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen.

Norwegian Mountain Center. Photo: Kristoffer Mæle ThuestadNorsk fjellsenter | Besøkssenter nasjonalpark, LomNorsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen med utstilling, museum og butikk.

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Climbing in Galdhøpiggen High Rope Course - Aktiv i LomAktiv i Lom | Galdhøpiggen klatrepark, LomGaldhøpiggen klatrepark ligg ved foten av Galdhøpiggen, og består av traversar, 76 plattformar og utfordringar for både liten og stor.

Galdhøpiggen sommerskisenter, Galdhøpiggen summer skiing center, juvassGaldhøpiggen sommerskisenter | Juvass, LomJuvass - Galdhøpiggen sommarskisenter ligg ved foten av Nord-Europas høgaste fjell, Galdhøpiggen.

Juvasshytta | Juva, Lom"Juva" er eit nytt og topp moderne bygg på Juvflye, knytt til turisthytta Juvasshytta. Her finn du mellom anna 10 dobbeltrom med eigne bad og heilt unik utsikt.

"Frose i tid" | Brearkeologisk utstilling på Norsk fjellsenter, Lom«Frose i tid» – verdas største utstilling av funn frå isen i den norske fjellheimen - på Norsk fjellsenter i Lom

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no