Galdhøpiggen er Jotunheimen og Noregs høgaste fjell med sine 2469 meter over havet.
Det er og det høgaste fjellet i Skandinavia og Nord-Europa! Galdhøpiggen ligg i Jotunheimen i Lom kommune i Oppland fylke, på Jotunheimplatået på ca. 2 000 moh.
Galdhøpiggen er ein av dei meste besøkte fjelltoppane i Noreg. Dette skuldast det forlokkande faktum at Galdhøpiggen er det høgaste punktet på Fastlands-Noreg, samstundes som toppen av Galdhøpiggen er ganske lett å nå til fots.
Fottur til toppen av Galdhøpiggen:
Til Galdhøpiggen kan anten gå langs merka ruta frå turisthytta Spiterstulen 1100 meter over havet (ca 4 timer opp og 3,5 ned att) eller du kan gå med førar over isbreen Styggebreen, frå Juvasshytta, som ligg 1840 meter over havet. Her går det turar dagleg kvar dag i sommarsesongen. Om I hovudsesongen om sommaren er det òg føring frå Spiterstulen opp på Galdhøpiggen via Eventyrisen på Svellnosbreen.
Det geologiske opphavet:
Geologisk sett høyrer Galdhøpiggen til den kaledonske fjellkjeda, slik som dei fleste fjellkjeder i det sydlege Norge. Fjellet består hovudsakleg av den magmatiske bergarten gabbro, som finst i store delar av Jotunheimen. Det var i istidene at fjellet fekk sin nåverande form.
Galdhøpiggen vart fyrste gong bestege i 1850 av gårdbruker Steinar Sulheim, kirkesangar Ingebrigt N. Flotten og lærar Lars Arnesen, alle fra Lom.