Turtips: Galdhøpiggen via Svellnosbrean

TypeTopptur sommer

Visdalsvegen 1710, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forTurtips: Galdhøpiggen via Svellnosbrean (Åpnes i et nytt vindu)

+4761219400

  • Galdhøpiggen via Svellnosbrean
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Kombiner turen til Norges tak med stivandring, moreneområder, breopplevelser og klyving! Den klassiske turen "Breen - piggen" frå Spiterstulen tek deg via Eventyrisen på Svellnosbrean og opp til Galdhøpiggen.

Stad: Jotunheimen, Lom kommune 
Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte i Visdalen
Lengde: ca. 12 km tur-retur
Tid: 8-9 timar tur retur.
Stigning: Ca. 1350 høgdemeter frå Spiterstulen
Toppunkt: 2469 meter over havet
Vanskelegheitsgrad: Utfordrande
Ver obs på: Bratt siste stykket opp piggeura. Kryssing av bre krev breutstyr!

Denne turen er faktisk eit lite kinderegg. Eventyrisen er kallenavnet på den nedre delen av Svellnosbrean, som mange meiner er Jotunheimen sitt flottaste brefall. Her får du vandre på blåisen blant sprektakulære isformasjoner - før turen går over flatbreen og vidare opp steinrøysa/ piggeura mot toppen av Galdhøpiggen. 

Om turen: 
Turen startar frå Spiterstulen turisthytte (1100 m.o.h). Frå Spiterstulen går ein sørover i Visdalen, og tek etterkvart til høgre inn Tverrådalen, og får Svellnosbreen til høgre for seg. Herfra går ein oppover mot breen på moreneryggen som kjem ned på vestsida av brefallet. Opp til brefallet er det 4 kilometer, og du stig omlag 600 høgdemeter opp til breen (1670 m.o.h). Hugs at du alltid må vere sikra med tau og gå saman med erfarne breførarar når du går på bre. Det kan òg vere lurt å ha med seg ein lokalkjent guide for å finne rett rute til toppen. Kontakt Spiterstulen bre- og fjellføring. 

Ved brefronten på Svellnosbrean, tek ein på seg seler og stegjern, og knyter ein seg inn i tau før ein går inn i brefallet. Deretter fortsetter turen opp på flatbreen i taulag. Ein krysser denne og siktrar seg inn på sørflanken av Galdhøpiggen, 400 meter under toppen. Her tek ein av seg breutstyret og klyver rett opp piggeura. Dette er ei steinrøys med tidvis laus stein, så gå forsiktig. Vel oppe frå steinura, ser ein hytta på toppen, og går siste del til toppen og når denne etter 6-7 timar. 

Returen til Spiterstulen går på T-merka sti langs orginalruta/ «Pionerruta», som er ca 5,3 kilometer og 1350 høgdemeter. Ein reknar 2-3 timar ned att.

Om Spiterstulen:
Turisthytta Spiterstulen ligger 1111 meter over havet i den frodige Visdalen i Jotunheimen, og er eit naturleg startpunkt for turar til Noreges høgaste fjell, Galdhøpiggen. Frå her kan du gå til topps på eigehand eller med guide. Turen frå Spiterstulen til Galdhøpiggen kan gjerast både med og utan førar, og det finst fleire rutealternativ. Den vanlegaste ruta går ikkje over bre, og du kan difor gå på eigenhand på godt merka sti.

Andre fjelltoppar: 
Med Spiterstulen som utgangspunkt kan du dessutan nå 17 av dei 26 toppane i Noreg på over 2300 meter over havet på dagstur. Storebror Galdhøpiggen tronar i vest med lillebror Glittertind i aust. Når hytta opnar om våren, er området eit eldorado for toppturar på ski.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • fjellvandring
  • Guidet tur
  • turstier

Deltagere må ta med

  • fjellsko
  • ryggsekk
  • solbriller
  • solkrem
  • vannflaske
  • vanntett tøy
  • varmt tøy
  • vindtett tøy

Sportsaktiviteter

  • vandreruter

Tema

  • Naturopplevelser

Vintersport

  • ski
  • skilek
  • topptur

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Veg: Frå Lom til Spiterstulen er det ca 32 km. Du køyrer fv 55 mot Sognefjellet og tek av der det er skilta Spiterstulen til venstre, og køyrer Visdalsvegen inn til Spiterstulen. Dette er ein bomveg som kostar 80 kr. Betaling i respsjonen på Spiterstulen.

Vegen er ope når hytta er ope. Dette gjeld heile sommaren. Om vinteren er hytta ope i mars og april. I høgsesongen om sumaren går det ordinær rutebuss heilt fram.

Elles er vegen stengd med bom 5 km frå Spiterstulen. Om vinteren og våren kan det tidvis vere vanskeleg å køyra heilt frå Visbrua, 17 km frå Spiterstulen. Når hytta er stengd, kan det ikkje garanterast at vegen er køyrbar. Alternativet er da å gå på ski frå bommen og inn til hytta.

Kontakt: Postadresse: Postboks158, 2688 Lom

Gateadresse: Visdalsveien 1710, 2686 Lom

Kartreferanse: Google Maps: 61 º 37´ 29.5´´ N / 08º 24 16.4´´Ø.

GPS: 61.624716 8.404346

Sjå meir

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Spiterstulen with Styggehlye in the background. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Glacierguide.Spiterstulen bre- og fjellføring | Guida turar i Jotunheimen, LomSpiterstulen bre- og fjellføring tilbyr føring i Visdalen og dei nærliggande fjella rundt Spiterstulen turisthytte. Vi går gjerne på tur heile året, men våre høgsesongar er påske, vårskiturar samt sommar.

Brevandring på eventyrisen | Spiterstulen bre- og fjellføring, LomDen flotte Svellnosbreen er ein klassikar blant turane frå Spiterstulen turisthytte i Visdalen.