Brevandring på eventyrisen | Spiterstulen bre- og fjellføring

TypeBrevandring

Visdalsveien 1710, 2688, Lom
  • Brevandring på Eventyrisen
  • Product Image
  • Product Image
  • Spiterstulen_Eventyrisen_Foto: Mari Wedum
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Spiterstulen_Eventyrisen_Foto: Mari Wedum

Om

Gira på å utforske blåsen sine spektakulære formasjonar, og vandre mellom istårn og - sprekkar? Den flotte Svellnosbreen er ein klassikar blant turane frå Spiterstulen turisthytte i Visdalen.  

Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte
Høgdeforskjell: Ca. 600 meter stigning, frå 1100 - ca. 1670 m.o.h. ved brekanten. 
Tidsbruk: 5-7 timar (tur- retur). 4 km. opp til brefallet. 
Ver obs på: Bresprekker. Sørg for å ha med sikringsutstyr for brevandring. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr. Isøks, stegjern og skarejern er anbefalt.
Anbefalt skiutstyr: Toppturski eller fjellski. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Lett/middels
Ned: Lett/middels

Turen til Eventyrisen startar frå Spiterstulen turisthytte (1100 m.o.h).  Turen opp til brefallet er ca 4 kilometer lang, og du stig omlag 600 høgdemeter opp til breen (1670 m.o.h). Turen passar for alle - barn frå 7 år og oppover.

Hugs at du alltid må vere sikra med tau og gå saman med erfarne breførarar når du går på bre.

Om turen:
Kanskje skulle ein tru at snøen dekker over dei flotte formasjonane og den blå farga i isen, men dette er ikkje tilfelle. Rundt påsketider viser Svellnosbreen seg kanskje frå sitt aller beste, da snøen gir gode moglegheiter til å bevege seg rundt på på isen og utforske isformasjonane.

Frå Spiterstulen går ein sørover Visdalen, og tek etterkvart til høgre inn Tverrådalen, og får Svellnosbreen til høgre for seg. Herfra går ein oppover mot breen på moreneryggen som kjem ned på vestsida av brefallet. Ved brekanten blir gruppa delt inn i taulag og kvar og ein får på seg sele og stegjern, og binder seg inn i tau. Så kan brevandringa ta til. 

Inne på breen bruker vi tida på å bevege oss rundt i sprekkområdene og leiter fram flotte fotomotiv - samstundes som du får lære meir om korleis isbreane fungerer - med tanke på bevegelse, sprekkdanning, smelting osv. 

Etter brevandringa, går gruppa attende til brekanten, knyter seg ut av tauet, og tek av seg sele og stegjern før ein følger stien ned att til Spiterstulen.

Til denne turen trengs:
– Klede for ein full dag i høgfjellet.
– godt med mat og drikke
– Solide fjellstøvler med litt stiv såle når du skal bruke stegjern på breen.
- Stegjern, isøks, sele, tau og hjelm. 

Kilde: Galdhopiggen.no / Spiterstulen Bre- og Fjellføring

 

 

 

 

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Signs for hikes near Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Glacierguide.Spiterstulen bre- og fjellføring | Guida turar i Jotunheimen, LomSpiterstulen bre- og fjellføring tilbyr føring i Visdalen og dei nærliggande fjella rundt Spiterstulen turisthytte. Vi går gjerne på tur heile året, men våre høgsesongar er påske, vårskiturar samt sommar.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no