For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Vesle Galdhøpiggen (2369 m.o.h.) - frå Juvasshytta

TypeTopptur vinter

Galdhøpiggvegen 460, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Topptur på ski til Vesle Galdhøpiggen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Du har kanskje vore på Galdhøpiggen, men visst du at veslebror Vesle Galdhøpiggen òg er eit spennande turalternativ?

Galdhøpiggmassivet er på mange måtar ei skjult perle. Å stå på toppen av Galdhøpiggen midtvinters er ei unik oppleving, med utsikt over kvite toppar så langt du kan sjå. Men det er òg tøft å stå på nabotoppen, som ligg berre 100 meter lågare, og sjå bort på Galdhøpiggen. 

​​​Beste utgangspunkt: Juvasshytta eller aller helst frå Galdhøpiggen sommarskisenter
Antall høgdemeter totalt: Ca. 520 høgdemeter 
Turlengde: 5,6 km ein veg.
Ver obs på: Kan vere isete og glatt opp frå Løyfte. Vurder sikring med tau.
Utstyr: Fjellski eller normalt toppturutstyr + isøks, stegjern. Bre- og sikringsutstyr må vurderast. 
Anbefalt skiutstyr: Fjellski eller randonne
Vegval: Frå Galdhøpiggen sommarskisenter - normalruta mot Galdhøpiggen som kryssar Styggebrean. Hald deretter til høgre i retning Løyfte, som er fjellryggen som leiar mot toppen. 

Vesle Galdhøpiggen er den 6.høgaste toppen i Norge. Turen startar ved Juvasshytta eller Galdhøpiggen sommerskisenter når vegen hit er brøytt og ope om våren. Merk at opningstider følger opningstidene til Juvasshytta/skisenteret. Du ser turmålet frå starten av ruta, som kan vere motiverande for mange. 

Fyrste del av turen følger du sommarruta mot Galdhøpiggen frem til Styggebrean. Her skal du krysse brean i ca. 2 km. Ut på brean ser du både Galdhøpiggen (til venstre) og Vesle Galdhøpiggen (til høgre).  Sikt deg inn mot enden av fjellryggen på Vesle Galdhøpiggen, altså slakt mot høgre mot punktet Løyfte på kartet. Dette er skardet mellom Vesle Galdhøpiggen og Galdhøe, som leiar deg mot ein egg som er svært luftig dei første metrane, før den utvidar seg og blir til ein bred snøflanke som leiar deg heile vegen til topps.

For å kome opp på topplatået må du altså over denne eggen, kor det er anbefalt å ha stegjern og isøks som eit minimum av sikringsutstyr. Om du går i lag med guide, vil du alltid bli sikra med tau opp denne eggen. Om du ynskjer å ta med skia til toppen, bør dei festast godt på sekken. Det kan òg vere ein fordel å la skia stå att ved foten av eggen, for å unngå at dei er i vegen når du klyv opp. Du går da siste del til toppen til fots. Om skia er med, kan du fint gå platået mot toppen på ski, når det er nok snø. Her skrår det litt utover, men du har kjempegod plass. Lett trasking utover til varden og høgaste punkt.

Nedkøyring er best same veg som du kom opp. Etter å ha gått ned att ryggen mot Styggebrean, er det mogleg å sette på att fellene og gå opp mot toppen Galdhøe (2283 moh.) og følge ryggen vidare til Kjelhøe på returen. Nedkøyring på ski blir da mest naturleg i traseen til skitrekket. 

Til topps utan å krysse bre? 
Det er mogleg! Start turen frå Juvasshytta og følg stien som går over Juvflye i retning Styggebrean. Peil deg deretter inn mot høgre i retning Galdhøe. Deretter følger du ryggen mot sørvest og slipper deg ned mot Løyfte, som ligg berre rundt 100 meter lågare enn Galdhøe. Deretter opp eggen som beskreve over. 

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no