Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby

TypeByvandring/guiding

2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forBergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 29 90

  • Byggeskikken i Lom sentrum
  • Product Image
  • Lom stavkyrkje. Foto: Mari Wedum
  • Bakeriet i Lom
  • Product Image
  • Fossheim steinsenter i Lom
  • Klatretårnet i Lom
  • Presthaugen, Lom Jotunheimen
  • Product Image
  • Norsk fjellsenter
  • Norsk fjellsenter i Lom, Jotunheimen
  • Fossberg hotel - Lom, Jotunheimen

Om

Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i Lom nasjonalparklandsby. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg det aller meste som er verd å sjå i sentrum. Runda er ca 2,5 km lang.

Kart over Bergomsrunda

Lom er ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen. Midt i sentrum renn elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen.

Meir info om Bergomsrunda

Namnet Fossbergom kjem av berga som stikk fram attmed fossen. Her har bygdasenteret vakse fram på båe sider av elva. Den fyrste private aktiviteten i området var eit kvernbruk rundt 1770, og fyrste landhandelen kom i 1870. På Fossbergom er det eit yrande liv i sommarmånadene med bygdafolk og turistar om kvarandre. Vi kan by på eit triveleg sentrumsmiljø med uteserveringar, kafear, butikkar, ein gjennomført byggeskikk og mange flotte turalternativ.

Dette opplev du på Bergomsrunda:
Utleggsbrua, som er bygt slik som dei fyrste bruene i landet, bitt saman sentrum og Kyrkjevollen. På brua kjem du tett innpå det livgjevande vatnet, på veg frå bre til hav, jfr. Vassvaglen attmed rundkøyringa. Fossheim Steinsenter har unike samlingar av mineral frå heile verda. Den majestetiske Lomskyrkja fortel ei 850 år lang historie om livet i bygdene her. På andre sida av vegen ligg Norsk Fjellsenter som med ustillingar og informasjon fyller ut biletet av natur og livsvilkår i fjellet enda lenger attende. På runda kjem du også til Presthaugen.

Midt i det fredfulle parkområdet finn du Lom Bygdemuseum som også gjev spennande gløtt inn i farne tider. Informasjon om vandringa får du på turistkontoret.

Kart over Bergomsrunda

Kart

Sjå meir

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum, LomFottur frå Lom sentrum: Opplev majestetisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

Visit Jotunheimen | Turistinformasjonen i Lom, LomTuristinformasjonen i Lom finn du på «Nilsbue» ved rundkøyringa midt i Lom sentrum. Turistinformasjonen er ope heile året og vi er tilgjengeleg på telefon og e-post.

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum, LomTuren til Tronoberget er godt merka frå Lom sentrum, og gjev god utsikt over sentrum og over til Lomseggen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no