Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum

TypeTopptur sommer

Bergomsvegen 17, 2686, Lom

+47 61212990

  • Lomseggen
  • Product Image
  • Lomseggen_Live Andrea Sulheim
  • Lomseggen, Kvilarsteinen
  • Toppen av fremste Lomseggen_1289 moh
  • Lomseggen frå RV 15
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Smithbue
  • Product Image

Om

Lomseggen (1289 moh) ruvar over Lom og er umogleg å ikkje leggje merke til når du kjem inn mot sentrum frå sør. Om du ikkje enda har vore på toppen av Lom sitt «bygdafjell, er det på tide å ta turen. Stikkord: Majestetisk utsyn, høg puls og vakker natur. 

Frå Norsk fjellsenter eller Andvord Gard er det godt merka stigar opp til fremste Lomseggen. 
Du kan enten gå opp på nordsida eller via Smith-hytta. Begge vegar byr på bratt stigning og mange høgdemeter for føtene, og ein bør difor vera i god fysisk form for å gjennomføre denne turen. 

På denne turen går du inn i Breheimen nasjonalpark. Over tregrensa opnar utsikta seg til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I vest snirklar Bøverdalen seg inn mellom dei høgaste toppane i Noreg og du har fint utsyn mot den høgaste av dei alle, Galdhøpiggen (2469 moh).

Turbeskriving - rundtur:
Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre og dreier til venstre opp forbi Norsk fjellsenter. Gå forbi Storstabburet og ta til venstre når du møter den asfalterte Solsidevegen. 200 meter etter herskaplege Sygard Andvord tek stigen av til høgre. Her er det skilta til Lomseggen, Bordvassvegen og Tor Jonsson-stuggu.

Etter rundt 300 meter skil Bordvassvegen (raud merking) og ruta til Lomseggen (gul merking) lag.  Ruta passerer Smith-hytta på 1150 moh og går i ein stor bue opp til det framre punktet på Lomseggen. 

Retur via Kvilarsteinen
Frå Lomseggen kan du gå same veg attende eller følgje ruta vidare austover. Ruta går nedover eit drag i fjellet, noko bratt ned ved tregrensa. Her finn du dessutan Kvilarsteinen, 1035 moh., Dette er ein steinformasjon som minnar litt om ein miniversjon av "Trolltunga", i alle fall når du får riktig perspektiv med kameraet ditt. Frå steinen får du fantastisk utsikt over Skim og Ottadalen frå Lom mot Vågå. Ikkje rart Kvilarsteinen er eit populært fotomotiv!

Når du er nede att frå stigen vil du møte på ein skogsbilveg. Frå her kan du fylje gul skilting ned att i retning Lom sentrum. 

Det er også fint å gå motsatt veg, altså opp den bratte nordsida og ned att om Smith-hytta. 

 

Turinfo:
-  Fram til midten av juni kan det vera mykje snø på nordsida av ruta. Spør korleis tilhøva er i turistinformasjonen/Norsk fjellsenter.

- Tor Jonsson-stuggu er ope for omvisning på førespurnad, meir info på turistinformasjonen.

- Smith-hytta på 1150 m.o.h. er ei steinbu som vart bygd for ein tysk biletkunstnar rundt 1890.

Frå fremste Lomseggen kan du fortsetje turen til toppen Eggjapiken (1531 moh) eller 2000-meterstoppen Storivilen, som ligg på 2068 moh. Skilt syner deg retninga, men stien til Storivilen er ikkje merka. Terrenget her er prega av stein og ur. 

Lenke til turkart! 

UT.no: Lomseggen- turanbefaling

Kart

Sjå meir

Andvord Gard - Lom JotunheimenAndvord Gard | Hotell, LomAndvord gard er ein av dei eldste gardane i Lom. I dag er dette eit unikt hotell i eventyrlege omgjevnader med gangavstand til Lom sentrum.

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum, LomTuren til Tronoberget er godt merka frå Lom sentrum, og gjev god utsikt over sentrum og over til Lomseggen.