For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum

TypeTopptur sommer

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forTurtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61212990

Tronoberget - fottur i Lom nasjonalparklandsby. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Tronoberget - fottur i Lom nasjonalparklandsby. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Tronoberget - fottur i Lom nasjonalparklandsby. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Vandring  til Tronoberget og Geitupphøe i Lom sentrum
  • Tur i Lom nasjonalparklandsby. Foto: Mari Arnøygard Wedum

Om

Lom sentrum er omringa av fine turfjell. Tronoberget er eit av dei, på godt merka sti frå sentrum.

Dette er ein fottur nær Reinheimen nasjonalpark med fantastisk utsikt ned mot Lom sentrum og over mot Lomseggen med toppane Eggjapiken (1524 moh) og Storivilen (2064 moh). Lengst bak ruver Loftet (2170 moh). Frå toppen av Tronoberget ser du inn i Finndalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark.

Link til turkart! 

Rutebeskrivelse: 
Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre ved fossen. Rett ved bruenden går du til høgre ned til elva og over utleggsbrua (dette er ein del av Bergomsrunda). Følg elveforbygginga langs Bøvre til Tronoodden. Her er det og ein liten parkeringsplass på høgre side av vegen.

Stigen går opp ved bruenden på nordsida av Ottaelva. Ruta er godt merka, og svingar seg opp i terrenget i glissen furuskog mellom små hamrar, litt bratt av og til. Turen til toppen er ein liten avstikkar (150 m) frå skilta vegdele ned mot Grjotheim. 

Frå Tronoberget er det skilta til Geittupphøe, 60 minutter tur-retur. Ruta ned mot Grjotheim er ikkje så bratt som opp frå Tronoodden. Vegen attende til Tronoodden er lite trafikkert og grei å gå. 

 

 

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no