For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Lom stavkyrkje

TypeArkitektur

Bergomsvegen 21, 2686, Lom

+47 97 07 53 96

Lom stavkyrkje

Om

Lom stavkyrkje er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1170. Kyrkja har korsplan og 350 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.

Tre middelalderportalar med utskjeringar er heilt eller delvis bevart. I kyrkja finn du mellom anna ei stor samling av måleri frå 1700-talet. Kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Den eldste delen er bygd i romansk stil. 

Meir info om Lom stavkyrkje

Ope for publikum:
Lom stavkyrkje er open kvar dag i sommarsesongen, og tek imot grupper elles i året ved bestilling på førehand (min 2 dagar før ankomst). 

Ei omvising i Lom stavkyrkje er fint å kombinere med kaffe- eller lunsjstopp i Lom. Det er lagt godt til rette med oppmerka parkeringsplassar for bussar på Kyrkjevollen rett fram for kyrkja, og offentlege toalett er tilgjengeleg like ved. Vi har alltid omvisarar på vakt som snakkar minst norsk og engelsk. Får vi bestilling på førehand, kan vi skaffe omvisarar på tysk, fransk og spansk. I tillegg har vi skriftleg informasjon på 15 ulike språk.

Pris:
Vaksne: 70,-
Grupper (+10 pax+ 1 guide), honnør og studentar: 55,-
Barn (7-15): 30,-. Barn u/15 år gratis saman med foreldre/foresatte

Informasjon/booking: 
Mobil: 97075397
E-post: booking.lomstavechurch@lom.kommune.no

Stengt ved kyrkjelege handlingar.

Historie:
I 1634 vart kyrkja bygd på mot vest og i 1663 med krossarmane i reisverk mot nord og sør. Tårnet vart reist samstundes med krossarmane. Det meste av inventaret skriv seg frå 1700-talet. Treskjeraren Jakop Sæterdalen er meister for korbogen og preikestolen. Av målarstykke har Lomskyrkja ei samling som skal vere den største i sitt slag i nokor norsk kyrkje.

Lomskyrkja er ei av dei største stavkyrkjene i landet, vigd til Heilag-Olav, jomfru Maria og døyparen Johannes. Årringsdateringar av eldste byggjetømmeret fortel at kyrkja truleg vart reist i 1158/-59. Lomskyrkja var i mellomalderen hovudkyrkje for Nord-Gudbrandsdalen og derfor bygd ekstra stor. Lom var viktig stasjon for pilegrimar på veg til Nidaros. Eldste delane er det rektangulære skipet og det smalare koret. Påbygg i 1634 og sideskip i 1663. Stor samling måleri av Eggert Munch og treskjerararbeid – korboge og preikestol - av Jakop Sæterdalen, frå 1793. 
Ved arkeologiske utgravingar 1973 vart det gjort mange interessante funn; bl.a. over 2.000 mynter og eit runebrev.
 

Pris fra

Vaksne: NOK 70

Grupper/honnør/student: NOK 55

Barn (7-15 år): NOK 30

Barn u/15 år gratis saman med foreldre/foresatte

Fasiliteter

Kirketyper

  • stavkirke
  • trekirke

Kart

Åpningstider

Sommarsesongen 2018 (11 Jun 2018 - 19 Aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag09:00 - 19:00
Hausten 2018 (20 Aug 2018 - 2 Sept 2018)
DagTider
Mandag - Søndag09:00 - 17:00
Opningstider september (3 Sept 2018 - 23 Sept 2018)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 16:00