For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Bakeriet i Lom

TypeCafé

Sognefjellsveien 7, 2686, Lom

+47 61 21 18 60

Bakeriet i Lom

Om

Bakaren i Lom er viden kjend for sine luftige kanelbollar. I sommarsesongen er det ofte lange køar utanfor dørene til det vesle bakeriet i Lom sentrum. Men både bakarvarene og opplevinga er verdt å vente på.

For bakaren i Lom handlar det ikkje om å gjere ting enklare, men ekte. Steinovnen er det glødande hjarte i bakeriet. Varmen, lukta og røyken som stig opp frå pipa når dei fyrer er ein viktig del av historia til bakeriet. Det er noko grunnleggande og ekte i denne måten å bake på, ikkje nødvendigvis enklare, men bakaren sjøl er sikker på at det er ein forskjell som du kan oppleve. Den sitt i skorpa på brødet, i smaken og lukta, men òg i veggane i bakeriet.

Dessutan vel bakeriet i Lom å bruke lokalprodusert mjøl frå små leverandørar. Da kan bakekvaliteten på mjølet endre seg frå år til år, og det nyttar ikkje alltid å bruke oppskriftane frå i fjor. Det enklaste er ikkje alltid det beste. 

Ta deg gjerne ein tur innom litt utanom sesongen, så får du sitje i fred og ro og kikke på fossen medan du nyt ein god kopp kaffe og eit realt stykke brød eller ein bolle. 

Bakeriet i Lom arrangerer òg bakekurs.

 

Fasiliteter

Arrangementstyper

  • Mat

Generelle fasiliteter

  • bakeri
  • servering
  • serveringstilbud

Mat og drikke

  • kaffebar
  • påsmurt
  • pizza
  • smørbrød
  • sommercafé
  • sommerrestaurant

Kart

Åpningstider

Opningstider (1 jan 2018 - 31 des 2018)
DagTider
Mandag - Fredag09:00 - 17:00
Lørdag09:00
SøndagStengt