Bakeriet i Lom | Kafé
TypeCafé
+47 61 21 18 60
+47 61 21 18 60
Bakaren i Lom er viden kjend for sine luftige kanelbollar. I sommarsesongen er det ofte lange køar utanfor dørene til det vesle bakeriet i Lom sentrum. Men både bakarvarene og opplevinga er verdt å vente på.
For bakaren i Lom handlar det ikkje om å gjere ting enklare, men ekte. Steinovnen er det glødande hjarte i bakeriet. Varmen, lukta og røyken som stig opp frå pipa når dei fyrer er ein viktig del av historia til bakeriet. Det er noko grunnleggande og ekte i denne måten å bake på, ikkje nødvendigvis enklare, men bakaren sjøl er sikker på at det er ein forskjell som du kan oppleve. Den sitt i skorpa på brødet, i smaken og lukta, men òg i veggane i bakeriet.
Dessutan vel bakeriet i Lom å bruke lokalprodusert mjøl frå små leverandørar. Da kan bakekvaliteten på mjølet endre seg frå år til år, og det nyttar ikkje alltid å bruke oppskriftane frå i fjor. Det enklaste er ikkje alltid det beste.
Ta deg gjerne ein tur innom litt utanom sesongen, så får du sitje i fred og ro og kikke på fossen medan du nyt ein god kopp kaffe og eit realt stykke brød eller ein bolle.
Bakeriet i Lom arrangerer òg bakekurs.
Vår (13 jan 2020 - 21 mai 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Fredag | 09:00 | - 17:00 |
Lørdag | 09:00 | - 15:00 |
Søndag | Stengt |
Sommar (22 mai 2020 - 11 okt 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 09:00 | - 17:00 |
Haust (12 okt 2020 - 31 des 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Lørdag | 09:00 | - 17:00 |
Søndag | Stengt |