For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Prestfossen i Lom

TypeFoss/elv

2686, Lom

+4761212990

Prestfossen i Lom sentrum. Foto: Ove Nestvold
  • Prestfossen i Lom sentrum. Foto: Ove Nestvold
  • Prestfossen og Norsk fjellsenter med Lomseggen i bakgrunn.
  • Prestfosstraversen i Lom sentrum - Aktiv i Lom
  • Product Image
  • Lom sentrum med Prestfossen sett frå lufta

Om

Prestfossen er ein foss i elva Bøvra midt i sentrum av Lom sentrum, Fossbergom.

Fossen deler Lom sentrum i to, og ligg der riksveg 15 kryssar Bøvra, like før elva løper ut i innsjøa Skim. Prestfossen har gjennom tidene vore nytta til å drive både mølle og sagbruk, og det har og vore eit lite kraftverk ved fossen.

Elva Bøvra - verna vassdrag: 
Elva Bøvra er eit verna vassdrag, og har sitt utspring frå Bøverbreen, som er ein av tre brearmar på Smørstabbreen (Bøverbreen, Leirbreen, Sandelvbreen). Smørstabbreen er den største breen i Jotunheimen og er rundt 14 km² stor.

Bøvra drenerar store deler av Jotunheimen, og ein god del av Breheimen. Dette er såleis ei typisk flaumelv, der variasjonane i vassmengda kan sprike frå 1 m3 til 300 m3 i sekundet. Bøvra er også rekna for å vera av dei mest slamdrivande elvene i heile Noreg, dette grunna all slam og sediment forårsaka av breane våre.

Opphavet for Lom nasjonalparklandsby:
Det var nettopp her det spede opphavet til eit bygdasenter kom i 1769 og -70. Da leigde nemleg dei fire gardane, Gjeisar, Kvåle, Skjæsar og Skånsar seg «kvernstøde», plass til kvern ved Prestfossen. Det eldste huset på sørsida av elva, var denne kverna frå 1774. Denne reiste i Storofsen i 1789, men var seinare oppbygd att.

Lom sentrum, Fossbergom, er i dag ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Matkultur:
På omtrent same tomta finn du i dag Bakeriet i Lom. Dette har vorte ein kjent og kjær plass for folk frå heile landet. Bakeriet vart opna i 2004 av meisterkokk og bakar Morten Schakenda, 114 år etter at Lom fekk sitt fyrste bakeri i 1890.

Like ved finn du også Smak i Lom, som opna i 2014. Smak i Lom tilbyr lokaproduserte mat- og drikkevarar, deriblant det eigeproduserte ølet Lomb. I 2017 opna Nye Brimibue, der Arne Brimi og dottera Tina mettar svolten på gjestane med sine kulinariske kunstar. Med eit slik tett matsentrum, er det lett å forstå kor viktig mattradisjonane har vore i distriktet her!

Prestfosstraversen:
Vaieren som heng under Prestbrua, er ein travers, ein zipline, kalt Prestfosstraversen. Denne vart etablert i 2009, og har vorte ein populær aktivitet for både store og små. Traversen går over den mektige Prestfossen midt i Lom sentrum, og under Ulstadbrua. Ta kontakt med aktivitetsselskapet Aktiv i Lom om du ynskjer nærkontakt med fossen.

Kart

Sjå meir

Norwegian Mountain Center. Photo: Kristoffer Mæle ThuestadNorsk fjellsenter | Besøkssenter nasjonalpark, LomNorsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen med utstilling, museum og butikk.

Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby, LomBergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Group on a glacier hike on BøverbreenAktiv i Lom | Aktivitetar og guiding i Lom og Jotunheimen, LomAktiv i Lom er eit aktivitets- og guideselskap med base i Lom i Jotunheimen, og tilbyr guida turar og aktivitetar med lokalkjente førarar.

Smak i Lom - local food storeSmak i Lom | Kafé, LomSmak i Lom sel lokalprodusert mat- og drikkevarer i Lom sentrum. Ekte rummevafler og ekstra god kaffe!

Bakeriet i Lom | Kafé, LomBakeriet i Lom ligg midt i Lom sentrum. Her kan du setje deg ned med ein bolle og ein god kopp kaffe. Om sommaren er det uteservering med pizza og hamburger.

Lom nasjonalparklandsby, LomVelkomen til nasjonalparklandsbyen Lom - innfallsporten til Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen!

"Frose i tid" | Brearkeologisk utstilling på Norsk fjellsenter, Lom«Frose i tid» – verdas største utstilling av funn frå isen i den norske fjellheimen - på Norsk fjellsenter i Lom

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no