Turtips: Fottur langs Gjende | På merka sti mellom Memurubu og Gjendesheim

TypeFjelltur

Lom, 2686, Lom

+4761212990

  • Fottur langs Gjende  - merka sti mellom Memurubu og Gjendesheim
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Denne turstigen burde få namnet "blomsterleden langs Gjende" da ruta går i frodig terreng med enormt rik fjellflora.

Total lengde: 10 kilometer.
Stigning: 236 meter
Tidsbruk: 2,5 - 4 timar.

Anten du er ute etter eit alternativ til Besseggen eller ynskjer å gå begge vegar er dette virkeleg ein tur å anbefale! Du går på godt merka sti mellom dei to turisthyttene Memurubu og Gjendesheim, i variert og kupert terreng. Langs ruta finn du dessutan ein rik fjellflora, og kan nyte at du har smaragdgrøne Gjende ved sidan av deg heile turen. Turen kan gåast uansett vêr.

Om du ynskjer å gå turen frå Memurubu, kan du ta Gjendebåten frå Gjendesheim. 

Har du fleire dagar på deg, anbefaler vi deg å ta båten heilt inn til Gjendebu, gå Bukkelægret (godt merka sti mellom Gjendebu og Memurubu), overnatte på Memurubu og  gå anten langs vatnet (som bekreve her) eller over Besseggen på vegen attende. 

Enda fleire dagar på deg; gå til toppen Surtningssue eller fortsett vidare til ei ny turisthytte, til dømes Glitterheim. 

Kart

Sjå meir

Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu, LomTurtips: Gå det spektakulære Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu!