For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu

TypeFjelltur

Lom, 2686, Lom

+4761212990

  • Bukkelægret - ruta mellom Gjendebu og Memurubu
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Gjendebåten
  • Product Image

Om

Bukkelægret er den spektakulære oppstigninga frå Gjende, på ruta mellom turisthyttene Gjendebu og Memurubu.

Total lengde: 9,5 kilometer.
Stigning: Ca. 500 høgdemeter mot Memurutunga
Tidsbruk: 4,5 timar.

Har du gått Besseggen og leiter etter ein ny tur langs Gjende, er Bukkelægret verkeleg å anbefale. Bukkelægret er ruta som startar innerst i Gjende, og går langs godt merka sti mot Memurubu. 

Turen startar med morgonbåten frå Gjendesheim til Gjendebu. Frå brygga går det merka sti langs vatnet, som fort begynner å stige. Sjølve Bukkelægret er ei stigning på 450 høgdemeter - frå Gjendevatnet. Etter å ha gått sjølve Bukkelægret kjem du opp til eit stiskille på eit platå, og går i ope og kupert terreng nedover mot Memurutunga. Denne følger du heilt ned att til Memurubu, og kan nyte synet av smaragdgrøne Gjende heilt fram.

På dei brattaste parti er det lagt ut kjettingar som er gode å halde seg fast i på veg oppover. Turen er kjent for praktfull utsikt over vestenden av Gjende, og sin rike fjellflora. 

Fleire turdagar?
Turisthytta Memurubu ligg idyllisk til ved utløpet til elva Muru, midt på Gjende. Frå her har du fleire val. Du kan skappe av i solveggen med ein is, ei vaffel eller kald drikke medan du ventar på båten attende til Gjendesheim.

Har du moglegheit til å vere lenger til fjells, vil vi anbefale deg å sjekke inn på turisthytta, ete middag og vere til dagen etterpå. Da kan du anten gå attende via Besseggen eller følge den frodige stien langs Gjende mot Gjendesheim (sjå under). Det er dessutan mange fjelltoppar rundt hytta, og fint å gå til toppen Surtningssue eller fortsett vidare til ei ny turisthytte, til dømes Glitterheim. 

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Turtips: Fottur langs Gjende | På merka sti mellom Memurubu og Gjendesheim, LomTurtips: Vandre langs Gjende mellom turisthyttene Memurubu og Gjendesheim. Anten som alternativ til Besseggen, eller om du ynskjer å gå heile vegen.

Turtips: Fottur til Bukkehåmåren (1910 moh.) i Jotunheimen, VågåTurtips: Frå Bukkehåmåren får du rå utsikt over Gjende og Jotunheimen - og garantert et bra Instagram-bilde!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no