For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Fottur til Bukkehåmåren (1910 moh.) i Jotunheimen

TypeFjelltur

Lom, 2680, Vågå

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Turen til Bukkehåmåren (1910 moh.)  - den vesle kjempa i Gjendealpane - er kanskje mest kjent grunna sitt pirrande stup og fotomotiv i særklasse.

Total lengde: 14 kilometer (tur-retur)
Stigning: Ca. 900 høgdemeter
Tidsbruk: Totalt 5-6 timar (inkludert pause)
Tips: Ta med myggspray - og test eit bad i Bukkehåmårbekken på veg ned att! 

Bukkehåmåren er eit fjell i Vågå kommune i Innlandet, som ligg like sør for Gjende, på vestsida av Leirungsdalen i Jotunheimen nasjonalpark.

Anten du er ute etter eit alternativ til Besseggen eller ynskjer å sjå Besseggen frå ein anna vinkel, er Bukkehåmåren verdt eit besøk. Toppen reiser seg nesten 900 meter opp frå Øvre Leirungen, og heng saman med Kvassryggen (2070 moh.) og Høgdebrotet (2226 moh.) Utsikta ned mot vatnet Øvre Leirungen og Knutshø med Gjende og Besseggen bakanfor, og vidare Besshø og Bessvatnet -  er dessutan formidabel.

Turen startar frå parkeringsplassen ved Vargebakken, langs Fv.51 over Valdresflye. Frå parkeringen går du forbi enden på Knutshøryggen og ned til Leirungsåe som du kryssar på solid helårsbru. Deretter har du to val: Anten kan du følge stien nedover langs elva ca. 1 km og deretter følge eit litt meir utydeleg tråkk oppover mot Semmellægret, eller du kan myra (etter å ha gått over brua) direkte mot Semmellægret, som er ein meir direkte, men truleg òg fuktigare variant.

Etter kvart kjem du inn på ganske tydeleg sti som går til venstre for Bukkehåmårbekken. Denne følger du heile vegen opp til dalbrekket rett nedanfor Bukkehåmårtjønne. Her kryssar dy elva mot høgre, og følger deretter varding og siktar deretter mot ryggen (aust-søraust) som du har ganske rett framfor deg. Rett før sjølve toppen er det fleire luftige punkt med mektig utsikt mot Øvre Leirungen og Gjende med Besseggen og Besshøe som kulisse. Her finn du fleire populære fotostader! Før toppen er det litt klyving i steinrøysa bortover - før du kjem til toppen med tydeleg toppvarde. 

Rundtur over 2000-meterstoppar: 
Er du fyrst komen hit, er vegen til fleire av 2000-meterstoppane i Gjendealpane stutt. Kvassryggen (2071), Eggen (2045), Høgdebrotet (2226) og Tjønnholstind (2331) er alle lett tilgjengelege frå Bukkehåmåren.
Les meir her: Rundtur Bukkehåmåren-Kvassryggen - Høgdebrotet

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Turen startar frå parkeringsplassen ved Vargebakken, langs Fv.51 over Valdresflye. 

Sjå meir

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu, LomTurtips: Gå det spektakulære Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no