For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Besseggen i Jotunheimen

TypeFjelltur

2680, Vågå

+47 61 21 29 90

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Jostigen til Besseggen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen - kjend for utsikta over det mørkeblå Bessvatnet og smaragdgrøne Gjende.

Turen er 14 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar. Denne storslåtte ruta tek deg inn i kremen av Fjell-Noreg -  i den reinaste og sprøaste lufta på det europeiske kontinentet.

Den kjende Gjendin-eggen får besøk av rundt 60.000 kvart år. Dei fleste startar med å ta Gjendebåten frå Gjendesheim til Memurubu og går attende, altså oppover sjølve eggen. Det er òg mogleg å følgje den godt merka stien langs Gjendevatnet, frå Gjendesheim mot Memurubu og ta båten attende, eller overnatte på Memurubu og gå attende via Besseggen dagen etterpå. 

Frå Memurbu går du nokså bratt oppover til det flatar seg meir ut. Du går forbi Bjørnbøltjønne, forbi Bessvatnet og oppover Bandet som er det kanskje mest kjende partiet over Besseggen. På veg over Besseggen har du panoramautsikt over fjellvatna Bessvatnet og Gjende. Den sterke grønfarga på Gjendevatnet oppstår når små breispartiklar i vatnet blir reflektert av sola. 

Etter å ha klatra opp sjølve eggen, kjem du til Veslefjell, som er det høgaste punktet på turen, 1743 meter over havet. Punktet er markert med ei stor steinvarde. Når du har passert Veslefjellet, vandrar du vidare i slak nedoverbakke i steinur. Siste del av turen går brattare nedover mot Bessheim eller Gjendesheim (stikryss med skilt). Det er satt opp kjetting på eit lite parti som er ekstra bratt. Stien er elles tydeleg og fin å gå på, og det er laga "steintrapper" på nokre parti. 

Besseggen med barn: 
Dette er ein lang fjelltur i utfordrande terreng. Ungar frå 6-7 år kan fint gå turen om dei er fjellvante, og har erfaring med liknande turar og distanser. Det er viktig å ha med godt med mat og drikke i sekken, samt rask energi som kjeks og sjokolade (meir enn du kanskje trur!), ta gode pauser og ikkje stresse. Bruk dagen! Ha alltiid med godt med klede i sekken; vind-og vanntette ytterklede, samt lue og vottar (ja, sjølv om sola skin og vêret er meldt bra!). Du kan fylle vatn i bekkar undervegs på heile turen, så du treng ikkje bere med deg alt du treng av drikke.

Vintertur over Besseggen: 
Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt?

Kvart sommarhalvår går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl. Turen tek 6-8 timar, og startar ved turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim, ved Valdresflya. Ein går da på ski opp til Bessvatnet, som er islagt om vinteren, kryssar dette og stig opp til "bandet" før sjølve eggen tek til. Her tek ein skia på ryggen. Stegjern og evt. isøks kan vere lurt. Hugs å ha sekk med gode fester til ski. Vidare går turen opp til Veslfjellet før nedkjøyring mot Bessvatnet og ned att til startpunktet. Om du ynskjer å planlegge vintertur over Besseggen, kan du kontakte Gjendeguiden. 

Meir informasjon om Besseggen: Besseggen.net

Fasiliteter

Gradering

  • krevende

Natur og terreng

  • fjell

Sesong

  • august
  • jul
  • juni
  • september

Varighet

  • 7 timer

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Privatbil: Det går bilveg heilt fram til Gjendesheim. Frå E6 gjennom Gudbrandsdalen køyrer du via Otta eller Sjoa til Randsverk og vidare til Gjendesheim via Fv. 51 Valdresflye. Om du kjem frå Valdres, køyrer du via Fagernes til Beitostølen og over Valdresflya til Gjendesheim.

Merk deg at Fv.51 over Valdresflya er vinterstengt frå Beitostølen. Opnar ca. 1. april kvart år. 

Utmerkelser

  • Klassifisering Merking med DNT's røde T-er

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Turtips: Surtningssue (2386 m.o.h.) frå Memurubu, VågåTurtips | Fottur til SURTNINGSSUE 2386 m.o.h: Godt merka topptur som byr på storslagen panoramautsikt til store delar av Jotunheimen. 

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no