Topptur på ski: Besseggen vintertur

TypeTopptur vinter

Gjendevegen 200, 2683, Tessanden
  • Besseggen på ski
  • Product Image
  • Besseggen vintertur_Mari Wedum
  • Besseggen vintertur_Mari Wedum
  • Besseggen vintertur_Mari Wedum
  • Besseggen vintertur_Mari Wedum
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Beste utgangspunkt: Bessheim eller Gjendesheim
Høgdeforskjell: Ca.743 meter
Antatt tidsbruk: 8-9 timer (tur-retur). Totalt 20 km. 
Ver obs på: Det kan vere isete og glatt oppover sjølve eggen. Isøks og stegjern kan vere lurt. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og evt. skarejern 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vegval: Opp til Bessvatnet, og over vatnet på langs - frem til "Bandet", vidare oppover sjølve eggen, og ned att til startpunktet.
 

Besseggen ligg aust i Jotunheimen, mellom vatna Gjende og Bessvatnet. Turen startar med ski på føtene ved Gjendesheim eller frå Bessheim i slak motbakke opp til Bessvatnet, cirka ein times gange. Innsjøen Bessvatnet ligg 1374 meter over havet og er om sommaren kjend for si klare blåfarge som står i sterk kontrast til det grøne Gjendevatnet på andre sida av eggen. På denne tida av året; solid kamuflert av eit tjukt og vanlegvis vandringssikkert islag. 

Denne turen egnar seg med toppturustyr, men grunna lang travers over Bessvatnet, er fjellski å anbefale. 

Turen opp til Bessvatnet tek ca. 1 time. Gå deretter over Bessvatnet på langs, totalt 6 kilometer. Du kjem fram til «Bandet» mellom dei to vatna. Her kan du nyte utsikta og ta ein matpause, før du tek skia på sekken opp sjølve eggen. Sekken lyt ha system for å feste skia. Stegjern kan vere lurt. Det er også smart å feste stavane på sekken, slik at du har frie armar til å klyve oppover fjellryggen. Det er vanlegvis greit å gå, men pass på kor du set føtene. Det kan vere glatt enkelte stader. 

Vidare går turen opp til turen sitt høgaste punkt, Veslfjellet (1743 moh.) før nedkjøyring mot Bessvatnet - eller litt meir mot ski høgre og ned att til startpunktet. Dette varierer frå år til år ut i frå snømengde.

Gira på guida tur over Besseggen?
Du kan kontakte guide - og aktivitetsselskapa som vi samarbeider med - som tek deg trygt opp eggen, etter anmarsj på fjellski, randonee eller splitboard frå Bessheim via Bessvatnet.

Merk at turen er krevjande, men dei fleste i normal fysisk form klarer turen. Du må bare være førebudd på følgjande:

- Ein er ute på tur i 8-9 timar.

- Går i underkant av 20 km.

- Har du høgdeskrekk så skal du ta turen om sommaren, før du vurderar å melde deg på vinterturen.

- Været forandrar seg fort i høgfjellet og det kan vere alt i frå t-skjorte-temperatur ned til -32.

- På sjølve Besseggen er det som oftast nokså bart. Men dersom det er nysnø eller isete må du vera forsiktig.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Fyrst og Fremst | Ski og toppturar i Jotunheimen, LomVinter som vår er altså ei fantastisk tid for skiturar på både fjellski og randonee. Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Saman reiser vi på jakt etter minnerike opplevingar, for vi har fyrst og fremst eit mål om å leggje til rette for dei gode…

Ski mountaineering in JotunheimenFyrst og Fremst | Guiding og aktivitetar i Lom og Jotunheimen, LomFyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Tilbyr breturar, ulike kurs, toppturar på ski og Galdhøpiggen sommar og vinter.

500 fjell | Fjellføring og kurs, SkjåkHar du ein bratt og luftig draum? 500fjell tilbyr fjellføring og kurs både sommar og vinter, og hjelper deg til å finne dei finaste toppane og den beste snøen.

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no