Turtips: Surtningssue (2386 m.o.h.) frå Memurubu

TypeTopptur sommer

Vågå, 2680, Vågå

+4761212990

  • Turtips Jotunheimen - Surtningssue 2368 moh.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Surtningssue (2368 moh.) er blant Norges høgaste fjelltoppar og ein av få toppar i Jotunheimen med DNT-sti helt til topps. Surtningssue er dermed lett å nå på ein lang dagstur frå Memurubu.

Beste utgangspunkt: Memurubu turisthytte gjennom Memurudalen eller via Raudhamran.
Høgdeforskjell: 1407 høgdemeter (Memurubu: 1008 moh. – Surtningssue: 2368 moh.)
Antatt tidsbruk: 9-10 timar tur-retur
- Memurubu–Surtningssue om Raudhamran: 22 km t/r
- Memurubu–Surtningssue om Memurudalen: 28 km t/r

Surtningssue betyr truleg ”svartpurka”, grunna fjellet si farge og form. Dette er Vågås høgaste fjell (2386 m.o.h.) og det 7. høgste fjellet i landet. Utsikta frå toppen er dessutan rekna som ei av Jotunheimens aller mest spektakulære! 

Frå turisthytta Memurubu, som ligg midt på Gjende (1008 moh.) går det godt merka sti heilt til topps. Ruta er temmeleg lang, men ikkje meir teknisk krevjande enn at alle med litt erfaring frå fjellet kan bestige toppen i løpet av ein lang dagstur. 

To ruteval - via Raudhamran eller Memurudalen:
Den kjappaste vegen til topps er å følgje den godt merka ruta over Raudhamran til toppen av Surtningssue (2368 moh.). Dette er det brattaste, men i lengde, mest effektive alternativet.

Ein kan òg velge gå gjennom Memurudalen til toppen. Da er innmarsen lenger og slakare. Ein går da på svært lettgått sti med stort sett jord og sand som underlag. Vegetasjonen endrar seg raskt frå frodig bjørkeskog via krattskog til lyng- og grasheier, og senere blokkmark. Dalen er langstrakt, men stigninga er bekvem. I den øvre delen av dalen dreier du til høgre vekk frå elva og går oppover mot Surtningssue.

På ca. 2050 meters høgde kjem du til eit stiskille, der stien frå Memurudalen og Raudhamran treffer kvarandre og går i same trasee mot toppen. Her er det tydeleg merka, som elles langs ruta. Du er nå rett nedanfor den brattaste kneika på turen, som går i steinur oppover.

Steinbu rett vest for toppen:
Når du kjem opp denne bratta, på ca. 10-15 minutt, ser du plutseleg ei lita sjarmerande steinbu, rett vest for toppen 2200 meter over havet. Ho vart reist av familien Sveine på Memurubu i 1889. Bua har fleire gonger fungert som ly for fjellvandrarar som har vorte overrasket av uvêr på toppen. Sommaren 2008 vart hytta totalre­novert. Herfra tek du deg vidare mot aust til du når toppen, 2368 moh. Frå steinbua kan du ta ein DNT-merka avstikkar mot sørtoppen på Surtningssue.

Vel oppe på toppen er det berre å nyte det som kanskje er den flottaste utsikta i heile Jotunheimen, kjent for praktfulle brearmar og bratte fjellsider. Frå her ser du Besshø og Knutshø, Falketind, Stølsnostind, Hurrungane, Smørstabbtindane, Hellstugutindane, Memurutindane, Tverråtindane, Galdhøpiggen og Leirhø.

Hugs å ha med godt med mat og klede på turen, og start gjerne tidleg! 

Rundtur?
Om ein ynskjer å gå ein rundtur, anbefaler vi å gå via Raudhamran opp og via Memurudalen ned att. Dette er litt lenger, men stien går i slakare terreng - langs elva gjennom den frodige dalen.

Vintertur:
Om vinteren er Surtningssue ein flott skitopp som byr på storslagen panoramautsikt til store delar av Jotunheimen. Surningssue er den andre toppen som ein går opp på under Høgruta Jotunheimen.

Turrapportar
www.peakbook.org

Snøkart
www.senorge.no

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

For å kome deg til Memurubu, er det enklaste å ta Gjendebåten. Sjå rutetider og informasjon her: www.gjende.no. Du kan òg gå frå Gjendesheim via merka rute langs vatnet eller over Besseggen. Har du fleire dager i fjellet, anbefaler vi å ta båten heilt inn til Gjendebu (innerst i Gjende) og gå via Bukkelægret til Memurubu dag 1, gå Surtningssue dag 2 og returnere 1) med båten frå Memurubu, 2) gå langs vatnet eller 3) over Besseggen. 

Sjå meir

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Turtips: Fottur langs Gjende | På merka sti mellom Memurubu og Gjendesheim, LomTurtips: Vandre langs Gjende mellom turisthyttene Memurubu og Gjendesheim. Anten som alternativ til Besseggen, eller om du ynskjer å gå heile vegen.

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu, LomTurtips: Gå det spektakulære Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu!