For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu

TypeTopptur vinter

Gjendevegen 200, 2683, Tessanden
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Gira på ein lengre fjellskitur til vinteren? Kva med å legge 3-5 dagar i høgfjellet? 

Beste utgangspunkt: Gjendesheim turisthytte
Antatt tidsbruk: 3 -5  dagar (én veg). Opptil 80 km. - avhengig av kor mange dagar du går. 3-dagarsturen er ca. 50 km. lang totalt.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og fjellski.

Denne fleirdagarsturen i hjarta av Jotunheimen tek deg forbi mange av dei høgaste fjella i Norge, og innom trivelege turisthytter på vegen. Alle hyttene er betjente og alle rutene er kvista. Om du ikkje har fem dagar på deg, kan du gå delar av ruta. 

Ruta går mellom hyttene Gjendesheim - Glitterheim - Spiterstulen og Leirvassbu (og eventuelt vidare til Olavsbu og Fondsbu) 

Dag 1: Gjendesheim - Glitterheim (1390 moh.) | ca. 19 km. og 7 timar | Etter ei natt på Gjendesheim gyv du laust på fyrste dagsetappe til Glitterheim. Fyrst opp mot Bessvatnet med utsikt til 2000-meterstoppen Besshøe, før kvisteløypa går vidare til Russvatnet. Frå Russvatnet går du vidare opp aust for Blåtjønnåe og over fjellryggen mellom Vestre og Austre Hestlægerhøe - toppen av skardet - og panoramautsikt mot Glittertinden. Ned i Veodalen forbi kvistedelet til Memurubu og videre til Glitterheim. NB! Sommarruta om Tjønnholet og skråningane på begge sider av Tjørnholåe er utsatt for skred og må ikkjee gåast om vinteren! 

Dag 2: Glitterheim-Spiterstulen (1100 moh.) | ca 16 km og ca. 5 timar | Følg kvista vinterrute over Skautflye til Spiterstulen. Det er òg mogleg å gå turen via Glittertinden (2465 moh.). Følg da merka rute nordvestover opp til 2250 moh. Her dreiar du vestover og kryssar Glitterbrean, som du følger til topps.

Dag 3: Spiterstulen - Leirvassbu (1400 moh.)  | ca. 15 km og 5 timar | Turen går langs kvista vinterrute gjennom Visdalen. 

Dag 4 og 5: Om du har fleire dagar på tur, kan du fortsette frå Leirvassbu til sjølvbetente Olavsbu 1.445 moh. |  ca 10 km og ca 4 timar | langs kvista løype, og deretter frå Olavsbu til Fondsbu | 17 km | 5-6 timar. 
 

Kart og ruteinformasjon: Turkart Jotunheimen Øst og Vest 1:50 000. 

Kombinere med topptur?
Om du går med randonné-utstyr og ynskjer å gå oppom dei høge toppane på vegen, kan du lese meir om Høgruta i Jotunheimen under. I boksane finn du òg  fleire turtips og meir informasjon om kvar av turisthyttene: 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

The main building at Glitterheim during winterGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Winter at Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Topptur på ski: Kyrkja (2032 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL KYRKJA, 2133 m.o.h. Snøklatring på bratt rygg, men med enkel skikøyring ned att!

Topptur på ski: Glittertinden (2452 m.o.h.), LomTopptur på ski til Norges nest høgste fjell gir formidabel utsikt over store delar av Jotunheimen, og er eit ypperleg skifjell.

Topptur på ski: Galdhøpiggen frå Leirvassbu - klassisk fjellskitur (2469 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ LEIRVASSBU 2469 m.o.h. Landets vakraste fjellskitur!

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) - frå Spiterstulen, LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ SPITERSTULEN: Ta med deg skia til Norges tak under vårskisesongen i Jotunheimen!

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no