Glittertinden (2452 moh.) er Norges nest høgaste fjell; ein majestetisk topp med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen. Glittertinden er eit populært toppturmål, på fjellski eller randonée - og inngår òg i Høgruta i Jotunheimen.
Beste utgangspunkt: Glitterheim turisthytte (1390 m.o.h.) eller Spiterstulen (1100 moh.)
Høgdeforskjell: Ca. 1100 høgdemeter frå Glitterheim turisthytte
Antatt tidsbruk: 6–8 timar (tur-retur). Totalt 16 km.
Ver obs på: Tidvis overhengande toppskavl
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vegval: Jamn stigning. Vêr obs på at bilvegen inn Veodalen til Glitterheim er stengt midtvinters. Ta kontakt med Glitterheim for eventuell transport innanfor hytta sine opningstider.
Toppen av Glittertinden er dekka av ei praktfull snø- og iskappe, og har fått namnet sitt frå elva Glitra, som renn frå Glitterholet i Visdalen. Glittertinden er eit fabelaktig fjell for fjellski- eller randonneekøyring.
Frå Glitterheim:
Landets nest høgaste topp er ein relativt enkel tur frå Glitterheim turisthytte. Den enklaste ruta går vestover via Steinbudalen og følgjer anten sommarstien aust for Glitterbrean eller oppover sjølve breen. Mot toppen held ein fyrst mot høgde 2274, før ein kjem opp og vrir inn på ryggen mot sjølve toppen. Vel oppe kan du nyte ei av landet sine flottaste utsikter. Toppunktet har utoverhengjande skavlar, så ikkje gå for langt ut på kantane.
Nedkøyringa byr på jamne og slake bakkar i same retning som du kom opp. Her kan du legge lange, dovne svingar nedover mot Steinbudalen. Ned breen frå toppen og til Glitterheim er det nesten utan unntak fine skiforhald, og det skjer at han blir bestege fleire gonger per dag grunna fantastisk nedkøyring. Her kan heile familien få godkjensla som høyrer med artig skikøyring.
Eit lengre alternativ er å følgje stien vidare vestover mot Spiterstulen, og så ta av mot nord til Ryggjehøe (2142 moh.). Mot Glitterrundhøe (2089 moh.) tek du nordvestover, for så å ta opp nordøst til Glittertind. Følg stien herifrå attende til Glitterheim. På denne turen må du rekne rundt 9 timar.
Frå Spiterstulen:
Følg sommarrute mot Glitterheim på skrå oppover mot Skautflye, altså nordaust over Skautkampan, over Skauta og vidare langs Steindalselve og deretter venstre i retning Steindalen mot ryggen austover til toppen. Retur same veg, eller ned til Glitterheim. Frå Spiterstulen er det snaut 1400 høgdemeter til toppen.
Fjellet er dessutan ein av av toppane du er innom langs Høgruta i Jotunheimen
* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.