Besshøe (2258 m.o.h.) er den dominerande kjempen som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe. Dette er ein fin og enkel skitopp med fantastisk utsikt over store delar av Jotunheimen, og fin nedkjøyring på ski.
Beste utgangspunkt: Frå Bessheim eller Gjendesheim. Turen kan og gåast frå Memurubu
Høgdeforskjell: Ca. 1200 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 7-8 timar tur-retur
Ver obs på: Bratte stup på alle kantar av toppen. Merk at sommarruta til Besshøe går i eit rasfarleg område.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonée.
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevjande
Ned: Krevjande
Dessutan er toppen Besshøe fyrste etappe på Høgruta i Jotunheimen, ein 5-dagars skitur over brear og fleire 2000-meters toppar i Jotunheimen.
Turen til Besshøe startar frå ei av dei to turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim ved Valdresflye. Oppstigninga tek til med ein gong, og det er omtrent 400 høgdemeter opp til utløpet av Bessvatnet, som ligg 1373 m.o.h. mellom Veslefjellet og Bukkehøe. Følg stikka løype.
Frå her har du to alternativ:
1) Kryss over Bessvatnet (når isen er trygg!) og sikt deg inn mot Grotåe. Følg denne oppover før du dreier sørvestover mot "Brue" og vidare innover topplatået til varden på toppen. Ver obs på skredfare opp Grotåe!
2) Etter å ha passert Bessvatnet, fortsett rett fram gjennom skaret til høgre for Bessheimrundhøe. Sving inn mot venstre og vestover i stigande terreng bak Bukkehøe og over markert morenerygg. Sving mot høgre på moreneryggen slik at du held høgda inn på breen. Skrå opp på breen mot venstre som du kryssar diagonalt opp ein til smal rygg. Derifrå tung motbakke til toppen. Vanlegvis er det best å gå på ski heilt opp.
Ver forsiktig på nedturen. Besshøe har bratte stup ut på alle kantar.
Turen kan òg gåast frå Memurubu.
Besshøe er ein populær skitur, spesielt på ettervinteren og våren. Bessheim og Gjendesheim er tilgjengeleg med bil frå nord heile vinteren. Valdresflya er vinterstengt, men opnar over heile fjellet ca. 1.april
* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.