For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Bessheim fjellstue

TypeFjellstue

​​​​​​Sjodalsvegen 2977, 2680, Vågå

+47 61 23 89 13

Bessheim_Kristoffer Mæle Thuestad

Om

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.

Overnatting: 
Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter her på Bessheim. I tillegg har vi ein liten campingplass. Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene. Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste.Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.

Mat: 
På Bessheim serverer vi norsk, tradisjonell mat. Vi likar å serverer reinsdyrkjøt frå Vågå Tamrein AS, hjort og elg frå lokale jegerar og fjellaure frå dei mange gode fiskevatna i Jotunheimen. Kvar morgon er det frokostbuffet der gjestene kan smørje seg niste til fjellturen.

I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.

Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.30 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i forvegen.

Besseggen: 
Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu, og går attende. Men det går fint å gå andre vegen også. Ei alternativ rute er å gå frå Bessheim, opp til Bessvatnet og innover langs med Bessvatnet på høgre sida. Etter 7 km kjem du til Bandet, som er det smalaste partiet mellom Gjende og Bessvatn. Her kjem du inn på stigen frå Memurubu, og du startar oppstigninga av Besseggen. Når du har gått opp heile Besseggen kjem du til høgaste punktet, Veslfjellet, 1743 m.o.h. Eit stykke etter toppen deler stigen seg, og du går ned til venstre, mot Bessvassosen. Her kryssar du brua over elva Bessa og går ned att til Bessheim.

Vinter: 
Vintersesongen på Bessheim varar vinteren 2019 frå fredag 8. februar til søndag 19. mai. Vi kjører opp skiløyper her i Sjodalen frå vi opnar i februar og til over påske. 

I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000-meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Det blir også kjørt opp løyper oppe på Valdresflya i mai.

Sommar: 
Sommarsesongen 2019 startar fredag 7. juni, og vi stengjer søndag den 6. oktober.

Det er dette som er tida for å gå Besseggen og mange andre fine fjellturar i Jotunheimen. Gjendebåten går stort sett kvar dag i denne perioden. For å finne båttidene går du inn på www.gjende.no Her og på www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet. NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!

Kontakt:
Bessheim Fjellstue AS

Sjodalsvegen 2977
2680 VÅGÅ

Heimeside: www.bessheim.no

E-post: post@bessheim.no

Telefon: +47 61 23 89  13

Kart

Veibeskrivelse

Bessheim ligg fint plassert på fjellovergangen mellom Valdres og Gudbrandsdalen, attmed fylkesveg 51 over Valdresflya. Bessheim ligg rett attmed vegen og det er ein stor, brun hovudbygning på oversida av vegen. Det er 34 mil til Oslo gjennom Gudbrandsdalen, og 25 mil til Oslo om Fagernes og Beitostølen. Frå Trondheim er det 31 mil, og frå Bergen er det knapt 36 mil, via Lærdal og Beitostølen. Vi har brøytt veg opp hit heile året frå Sjoa og Vågå.

Merk deg at kvar vinter, mellom 15. desember og 31. mars, er fylkesveg 51 Valdresflye stengt mellom Beitostølen og Maurvangen. Dersom du skal besøke oss i denne perioden må du køyre E6, til Sjoa. Sjoa ligg 1 mil sør for Otta. Frå Sjoa og opp hit til Bessheim er det 62 km. Vegen går opp gjennom Heidal. Etter 32 kjem du til Randsverk. Her kjem du inn på fylkesveg 51, og i krysset her tek du til venstre. Deretter køyrer du vidare innover Sjodalen til Bessheim.

I perioden frå Valdresflye opnar 31. mars og fram til 17. mai, er vegen nattestengd mellom 20.00 og 08.00. Det same gjeld ofte sist i november og fyrst i desember.

Det er ikkje til å koma unna at det enklaste er å koma til oss med eigen bil. Det kollektive tilbodet er ikkje veldig stort.

Åpningstider

Vinter (8 feb 2019 - 19 mai 2019)
Sommar (7 jun 2019 - 6 okt 2019)