For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Høgdebrotet (2226 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

2680, Vågå

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Høgdebrotet (2226 moh.) er eit populært toppturmål frå Valdresflye, aust i Gjendealpane i Jotunheimen.

Beste utgangspunkt: Fv. 51, Valdresflye
Høgdeforskjell: Ca. 1300 høgdemeter (ca. 8 km. i lengde)
Antatt tidsbruk: 6-7 timar (tur-retur). Totalt 17 km.
Utstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vegval: Lang tur med jamn stigning
Ver obs på: Overhengande skavlar over stup i nord

Høgdebrotet er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp og ein populær topptur på ski, særleg etter at Valdresflye har opna opp att etter vinterstenging (vanlegvis kring 1.april). Det er dessutan ein trygg topptur da det er mogleg å følgje søraustryggen opp mot toppen utan å gå inn i skredterreng (over 30 grader bratt). 

Ryggen opp er lang, men ein blir belønna med majestetisk utsikt inn i dei innarste delane av Jotunheimen - og lang og fin nedkøyring.

Enklaste utgangspunktet er frå Valdresflyvegen ved kommunegrensa mellom Vågå og Øystre Slidre. Da ventar det deg 8 km.og 1300 høgdemeter opp til toppen. Fyrste del av turen går over Leirungsmyren kor ein ser innover Leirungdalen og mot andre populære toppar frå Valdresflye, som Rasletinden, Munken og Mugna. Gå over dalen der Leirungsåa renn i botnen og opp Steinflya, ein dryg motbakke før terrenget flatar ut litt og fører fram til toppryggen. Her ventar ei god kneik som fører opp til toppunktet, som er nokså flatt. Frå toppen ser en inn i et svært flott brelandskap med Vestre- og Austre Memurubrean omkransa av kvasse og alpine tindar på alle kantar.

Heimturen går av seg sjøl, og det ventar ei lang og fin nedkøyring. På varme vårturar kan føret bryte i dalen og elva kan vera ei utfordring.

Vil du vidare? Mange vel å fortsetje turen vidare til Steinflytinden (2318 moh.), som er nærmaste nabo til Høgdebrotet. Ofte er snøforholda slike at du kan gå vidare frå denne og opp. Med same utgangspunkt frå bilvegen går turen til Steinflytinden også opp Steinflya som flatar ut før ein bratt rygg fører opp til toppen. Frå her kan du òg følgje ryggen vidare til Tjønnholstinden. 

Les meir her: Rundtur Høgdebrotet - Steinflytinden - Tjønnholstinden 

Leirungsdalen har mange spanande turar å by på, og er best tilgjengeleg på seinvinter og vår. Her er det til dels lang adkomst til turmåla. Ein del av toppane her er alpine og krev høg mestring, andre er lette å gå på for ivrige skigåarar. Det er alltid viktig å vurdere rasfaren. Om våren har snøen gjerne sett seg, så risikoen er mindre. Men tenk alltid på rasfaren og pass deg for hengande skavlar.

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.), LomFjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen. 

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu, VågåGira på ein lengre skitur til vinteren? Ta turen langs kvista løyper og høge fjell mellom turisthyttene Gjendesheim, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu.

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte, Vågå«Klassikaren i Jotunheimen» er ein 5-dagars fjellskitur i hjertet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta følger merka vinterløyper mellom betjente turisthytter. Hele ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierer i lengde fra 14 – 26 km.

Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte, VågåKlassikaren i Jotunheimen er ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte i kremen av Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde, og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.

Topptur på ski: Rundtur Høgdebrotet - Steinflytinden - Tjønnholstinden, VågåTOPPTUR PÅ SKI - Rundtur til HØGDEBROTET (2226 m.o.h.) - STEINFLYTINDEN - TJØNNHOLSTINDEN frå Valdresflye

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no