For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Rundtur Høgdebrotet - Steinflytinden - Tjønnholstinden

TypeTopptur vinter

2680, Vågå

+4761212990

  • Ryggtravers Høgdebrotet - Steinflytinden- Tjønnholstinden
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Høgdebrotet (2226 moh.) er eit populært toppturmål frå Valdresflye, aust i Gjendealpane i Jotunheimen. Toppen kan kombinerast med nabotoppane Steinflytinden (2318 moh.), Tjønnholstinden (2331 moh.) og Tjønnholsoksle (2145 moh.)

Beste utgangspunkt: Fv. 51, Valdresflye, ved kommunegrensa mellom Vågå og Øystre Slidre.
Høgdeforskjell: Ca. 1500 høgdemeter 
Antatt tidsbruk: 8-10 timar (tur-retur). Totalt 22 km.
Utstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski. Stegjern og isøks for ryggtravers mellom Steinflytinden og Tjønnholstinden. 
Vegval: Lang tur med jamn stigning. Klyving på fjellrygg med luftige parti!
Ver obs på: Overhengande skavlar over stup i nord

Høgdebrotet er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp og ein populær topptur på ski, særleg etter at Valdresflye har opna opp att etter vinterstenging (vanlegvis kring 1.april). Det er dessutan ein trygg topptur da det er mogleg å følgje søraustryggen opp mot toppen utan å gå inn i skredterreng (over 30 grader bratt). Ryggen opp er lang, men ein blir belønna med majestetisk utsikt inn i dei innarste delane av Jotunheimen - og lang og fin nedkøyring. Vidare kan du følge fjellryggen mot nabotoppen Steinflytinden - og vidare til Tjønnholdstinden, innan du returnerer via Tjønnholdsoksle (som òg ein 2000-meterstopp!) - og halder høgde i terrenget attende til utgangspunktet. 

Start: Enklaste utgangspunktet er frå Valdresflyvegen ved kommunegrensa mellom Vågå og Øystre Slidre. Da ventar det deg 8 km.og 1300 høgdemeter opp til toppen. Fyrste del av turen går over Leirungsmyren kor ein ser innover Leirungdalen og mot andre populære toppar frå Valdresflye, som Rasletinden, Munken og Mugna. Gå over dalen der Leirungsåa renn i botnen og opp Steinflya, ein dryg motbakke før terrenget flatar ut litt og fører fram til toppryggen. Her ventar ei god kneik som fører opp til toppunktet, som er nokså flatt. Frå toppen ser en inn i eit svært flott brelandskap med Vestre- og Austre Memurubrean omkransa av kvasse og alpine tindar på alle kantar.

Om du vel å snu etter å ha vore på Høgdebrotet, går heimturen går av seg sjøl, i same sport som du gjekk opp. Her ventar ei lang og fin nedkøyring. På varme vårturar kan føret bryte i dalen og elva kan vera ei utfordring.

Vil du vidare? Mange vel å fortsetje turen vidare til Steinflytinden (2318 moh.), som er nærmaste nabo til Høgdebrotet. Ofte er snøforholda slik at du kan følge ryggen frå Høgdebrotet og heilt opp til Steinflytinden med skia på føtene. Det siste partiet før toppen er brattare og smalare, og det kan vere greit å ta skia på ryggen, og nytte stegjern og isøks - avhengig av forholda.

Toppunktet på Steinflytinden består av ein markant varde, og det passar med matpause innan ein tek skia på ryggen for å traversere ein luftig rygg over til toppen av Tjønholstinden (2.331 moh), som er den nest høgaste toppen i tindemassivet Gjendealpane, etter Knutsholstinden (2.342 moh). Her kan stegjern og isøks vere smart! Pass på å holde avstand til skavler mot nord og ta trygge veivalg litt ned i sørflanken. Når du har skia på sekken,er det fort  gjort å "dulte borti" fjellet, så gå forsiktig og vit at du trør trygt!

Ved å gå rundturen Høgdebrotet, Steinflytinden, Tjønnholstinden og Tjønnholsoksle kan du få med deg heile sju 2.000-meter topper. Det er ein lang tur, som innebærer luftig passasje mellom Steinflytinden og Tjønnholstinden, samtidig som ein ofte må bere skiene på enkelte avblåste partier. 

Leirungsdalen har mange spanande turar å by på, og er best tilgjengeleg på seinvinter og vår. Her er det til dels lang adkomst til turmåla. Ein del av toppane her er alpine og krevjande, medan andre er lette å gå på for ivrige skigåarar. Det er alltid viktig å vurdere rasfara. Om våren har snøen gjerne sett seg, så risikoen er mindre. Men tenk alltid på rasfaren og pass deg for hengande skavlar.

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.), LomFjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen. 

Topptur på ski: Høgdebrotet (2226 m.o.h.), VågåTOPPTUR PÅ SKI - HØGDEBROTET (2226 m.o.h.) frå Valdresflye

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu, VågåGira på ein lengre skitur til vinteren? Ta turen langs kvista løyper og høge fjell mellom turisthyttene Gjendesheim, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu.

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte, Vågå«Klassikaren i Jotunheimen» er ein 5-dagars fjellskitur i hjertet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta følger merka vinterløyper mellom betjente turisthytter. Hele ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierer i lengde fra 14 – 26 km.

Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte, VågåKlassikaren i Jotunheimen er ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte i kremen av Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde, og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no