For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Besshøe (2258 m.o.h.)

TypeFjelltur

Vågå, 2680, Vågå

+4761212990

Utsikt mot Besseggen og Bessvatnet frå turen mot Besshøe.
  • Utsikt mot Besseggen og Bessvatnet frå turen mot Besshøe.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Besshøe (2258 m.o.h.) er den dominerande kjempen som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe. Dette er ein fin, men krevjande fottur med fantastisk utsikt over store delar av Jotunheimen. 

Beste utgangspunkt: Frå Bessheim eller Gjendesheim. Turen kan og gåast frå Memurubu
Høgdeforskjell:  Ca. 1200 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 7-8 timar tur-retur 
Ver obs på: Bratte stup på alle kantar av toppen. Merk at sommarruta til Besshø går i eit rasfarleg område.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. 

Besshøe ruver majestetisk i landskapet og ligg litt for seg sjølv i dei austlege delane av Jotunheimen, mellom Gjendealpene i sør og toppane rundt Nautgardstinden lenger mot nord.Turen til Besshøe startar frå ei av dei to turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim på Valdresflye.

Oppstigninga tek til med ein gong, og det er omtrent 400 høydemeter opp til Bessvatnet, som ligg 1373 m.o.h. mellom Veslefjellet og Bukkehøe. Ruta er merka opp til Bessvatnet, og deretter delvis merka med varder. 

Gå innover langs Bessvatnet heilt til du kjem til elva som på kartet har namnet Grjotåe, og følg denne oppover. Her går det over frå gras og mosebakkar til stein og urd. Det er små vardar oppover. Gå til "Brua"; som er eit parti der du har Bessbreen på eine sida og det er bratt ned på andre sida. Fortsett vidare mot toppen. 

Ver forsiktig på nedturen. Besshø har bratte stup ut på alle kantar.

Turen kan òg gåast frå Memurubu.Da følger du fyrst stien i retning Bess­eggen. På eit lite høydedrag, omtrent rett sørvest for toppen, får du av stien og følger sørvest­ryggen i retning toppen, ei lang og til tider bratt steinrøys.

Vintertur på ski:
Besshøe er også ein pfin tur å gå på ski om vinteren. Toppen er dessutan fyrste etappe på Høgruta i Jotunheimen, ein 5-dagars skitur over brear og fleire 2000-meters toppar i Jotunheimen.

 

Kart

Veibeskrivelse

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no