For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Storebjørn (2222 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+47 61212990

Ski mountaineering Storebjørn Jotunheimen
  • Ski mountaineering Storebjørn Jotunheimen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

TOPPTUR TIL STOREBJØRN (2222 m.o.h)

Storebjørn er ein av dei mest populære toppturane i Jotunheimen. Bakfrå ser fjellet ut som ein sovande bjørn, og utsikta frå toppen er heilt rå! 

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Leirdalen​​​​​
Høgdeforskjell: Ca. 1220 meter frå Geitsetre. Ca. 920 meter frå Breabakkan
Tidsbruk: 7–10 timar (1–2 timar retur)

Ver obs på: Tidvis skredfare frå Geite. Utglidningsfare på øvre del av Bjørnbrean. Til dels store sprekkar på Bjørnbrean.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Vurder breutstyr.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. Fjellski er best frå Krossbu. Lang anmarsj og flate partier gjer turen lite egna for snowboard
Klassifisering: 
Opp: Krevjande
Ned: Krevjande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevjande
Brattaste parti: Inntil 40° bratt siste 30 høgdemeter.

Med Leirvassbu eller veien i Leirdalen som utgangspunkt, kryssar du elva Leira på ein trygg stad. Deretter krysses Tverrbyttbekken mellom Steet og Rundhøe, og du fortsett på skrå oppover terrengets hylleformasjon mot høgde merka med 1644 moh. på kartet. Er det skredfare frå Geite vil det vere tryggare å følgje Tverrbyttbekken inn til Tverrbyttjønne, og heller bestige Bjørnbrean frå sørøst.

Frå høyde 1644 traverserer du inn på Bjørnbrean, og følgjer denne oppover i ei bue i retning Storebjørn. Deretter sett du kursen mot fortoppen og passerar denne på nedsida, før du fortsett til topps. Siste 30 høgdemeter er ca. 40 grader bratt, så dei fleste vel å setje att skiene og går denne delen til fots. Mange vel å gå innom Veslebjørn (2150 moh.) som ein del av turen, da denne berre er ein halvtime unna og byr på nydeleg skikøyring inn på breen. 

Nedkøyringa går primært same veg som opp, der det småkuperte terrenget ned mot Tverrbyttbekken byr på mange leikne detaljer og ofte har fine snøforhald. Storebjørn er ideell som rundtur eller som del av høgruta i Jotunheimen, mellom Leirvassbu, Krossbu og Skogadalsbøen.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren blir elva Leira kryssa av mange, ofte på små områder der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierer frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt gode greit å parkere på vegskuldra og natuelge «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no